SISTE: Hovedredningssentralen melder at aksjonen straks vil bli avsluttet.

- Vi har fått kontakt med en båtfører som førte en båt med lyskastere som kan ha blitt forvekslet med nødraketter. Vi mener derfor å kunne avsluttet søket ganske snart, sier Erik Wilassen ved Hovudredningssentralen Sør-Norge like før midnatt.

110-sentralen i Møre og Romsdal melde om hendinga på Twitter klokka 22.05. Tre naudrakettar var observert i området Stor Klauholmen, skreiv brannvesenet.

– Det er ein person på land som har sett det han meinte var ein båt som såg ut som han gjekk på grunn, og som meiner han såg tre naudrakettar. Det er kun ein person som har meld om dette. Vi har sett i gong søk og har fleire ressursar på staden, sa Erik Wilassen ved Hovudredningssentralen Sør-Norge til Sunnmørsposten etter klokka 22.

Luftambulanse, redningshelikopter og fire båtar søkte måndag kveld i området. Politi, brannvesen og ambulanse har rykka ut.

Klokka 23.25 opplyser Wilassen at det ikkje er gjort noko funn.

– Vi har ikkje fått nye opplysningar og det er ikkje gjort funn. Vi får sjå kor lenge vi held fram med å søke, seier han.

– Deter eit ganske avgrensa område og det begynner å bli ganske gjennomsøkt. Det er ikkje gjort observasjonar som tydar på eit havari.