Bemanningskabalen er eitt av dei vanskelege punkta for eit helseføretak som er hardt pressa på økonomi. Helse Møre og Romsdal er heilt avhengig av å få økonomien i balanse for å møte store investeringsbehov i dei næraste åra. Dette gjeld både investeringar i det nye sjukehuset utanfor Molde, og også kostbare nysatsingar som eksempelvis PCI (hjartesenter) ved sjukehuset i Ålesund.

For 2018 styrer Helse Møre og Romsdal mot eit negativt resultatkrav på – 86,6 millionar kroner.

Rette folka på rett stad

I styrepapira før møtet førstkomande onsdag er bemanningssituasjonen løfta fram som eit utfordrande punkt. Klinikkane melder frå om at det er ein ny og aukande risiko for mangel på sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar. Mangel på rette fagfolka gir ein risiko for at helseføretaket ikkje klarer å oppnå budsjettmåla om å redusere bruken av vikarbyrå. Samtidig har Helse Møre og Romsdal eit mål om å fryse bemanninga på 2015-nivå. I framlegget til vedtak for styret heiter det at det må rettast spesiell merksemdt knytt mot utvikling i bemanning.

«Det er ein risiko dersom ein ikkje klarer å redusere total bemanning i helseføretaket. Det er ein tendens til at nokre område vert prioritert utan at andre vert prioritert tilsvarande ned», heiter det i saksutgreiinga som blir lagt fram for styret.

Lover utvikling på Sunnmøre også før nytt sjukehus står ferdig

Dette scenariet likte fagmiljøet best: Vil ha sengebygg og nytt operasjonsbygg i Ålesund

Brukerrepresentant slår alarm: – Nå må politikerne på Sunnmøre våkne

Overskot i januar

Helse Møre og Romsdal har eit brutto driftsbudsjett på 6,1 milliardar kroner i 2018, og har budsjettert med 86,6 millionar kroner i underskot. Resultatrekneskapen for januar er 5,1 millionar kroner betre enn budsjettet.

Det var høgare inntekter i januar enn budsjettet, men det er også knytt stor usikkerheit til fleire postar på kostnadssida.

Meir å spare

Helseføretaket har identifisert fem fellestiltak som dei jobbar vidare med for å få ned kostnadane i 2018:

  1. Sengepoststruktur inkludert intensivtilbod.

  2. Optimalisering av operasjonsaktiviteten (utfordringar med spesialsjukepleiarar, spesielt i Ålesund).

  3. Reduksjon i intern rekvirering av laboratorieprøver og radiologi.

  4. Reduksjon av kontrollar ved St Olav.

  5. Reduksjon av varekostnader.

Styret i Helse Møre og Romsdal møtest onsdag denne veka.