Det viser tal frå helsenorge.no. Den siste tilgjengelege perioden er for mai – august i 2017, og her ligg den gjennomsnittlege ventetida på 64 dagar, det same som Helse Nord-Trøndelag. Finnmarkssykehuset HF er dårlegast blant dei offentlege helseføretaka med 68 dagar ventetid. Gjennomsnittet for heile landet er 54.

Helse Møre og Romsdal har utmerka seg negativt med lange ventetider heilt sidan 2011. Utviklinga har vore slik i Helse Møre og Romsdal i gjennomsnittleg ventetid for psykisk helsevern for barn og unge:

Langt bak målet

I 2017 hadde Helse Møre og Romsdal mål om å få gjennomsnittleg ventetid for denne pasientgruppa ned i 40 dagar. Fasiten blei 63 dagar, viser sakspapira som styret i helseføretaket behandlar i dag.

I dei same sakspapira kan ein lese at ein for januar månad ligg føre budsjettet på alle område innan psykisk helsevern for barn og unge. Men framleis slit ein med lang ventetid. Ventetida for psykisk helsevern barn og unge i januar var på 65 dagar.

– Svært krevjande

– Det er spesielt to forhold som gjer at det er krevjande å få ned ventetida for psykisk helsevern for barn og unge, fortel Henrik Erdal. Han er klinikksjef for Klinikk for kvinner, barn og unge.

– Det eine er at det ikkje er nok fagfolk. Spesielt er det mangel på psykologar og legar – dei som set diagnose. Dette er del av eit nasjonalt bilete, men det er nok noko lettare å få på plass i dei større byane, seier Erdal. Helseføretaket har ei pågåande langsiktig satsing på utdanning av eigne spesialistar.

– Det andre er at det er ein jamn oppgang i talet på tilvisingar. Dei siste åra har det vore rundt 10 prosent auke i tilvisingar per år, og dei tilsette har gjort ein kjempejobb med å ta unna dette, seier Erdal.

Garanti og lovfesta frist

Alle barn og unge som blir tilvist har ein vurderingsgaranti på 10 dagar. Helse Møre og Romsdal held seg innanfor denne fristen, og det går i gjennomsnitt rundt fem dagar før det blir gjort ei vurdering. Dersom ein blir vurdert for behandling, så skal ein få behandling innan 65 dagar etter tilvisingsdato. Denne fristen er lovfesta. I praksis betyr dette at Helse Møre og Romsdal eksempelvis i januar i år så vidt var innanfor lova på dette området.

– Mangel på fagfolk er vår største utfordring. Vi har stor gjennomtrekk i fagområdet. Opp mot kvar tredje tilsett skiftar jobb i løpet av året. Ein årsak til dette er nok at kommunesektoren betalar betre for psykologar enn spesialisthelsetenesta gjer, vurderer Erdal.

– Alle får hjelp innanfor fristen i dag, understrekar Erdal.

Psykisk helsevern for barn og unge er løfta fram på høgste hald som spesielt viktig. Det er nemnt spesielt som eit hovudmål i oppdragsdokumentet til helseføretaka frå helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Klinikksjef Erdal legg ikkje skjul på at det er krevjande å få til ei sterk nok satsing i dette perspektivet, men han er også glad for at fagområdet er løfta så sterkt fram, også i Helse Møre og Romsdal.

Talet på behandla pasientar har auka dei siste åra, men 2017 var eit unnatak. Då gjekk aktiviteten ned med 9,8 prosent.