Avtalen er ein såkalla «code share agreement», noko som betyr at folk kan flyge med begge flyselskap på same booking.

– KLM er ei av dei største merkevara vi har innanfor flymarkedet i Europa. No vil Ørsta/Volda kome inn på rutekartet til KLM. Det vil seie at dei som bestiller KLM-billett no får opp Hovden som alternativ å reise til, fortel kommunikasjonsdirektør Silje Brandvoll i Widerøe.

Startar 5. mars

Den nye avtalen mellom flyselskapa startar 5. mars, ifølge ei pressemelding sendt ut onsdag. Også Ålesund er omfatta av avtalen. Der vil det i første rekke vere aktuelt for dei som vil fly via Bergen og vidare til Amsterdam.

Widerøe håpar at deira destinasjonar i distriktsnorge vil bli markedsført stort i Europa.

– Til dømes kan folk no bestille ei reise frå Amsterdam til Hovden som ei KLM-reise frå A til Å. Det blir ikkje ei direkterute, men folk kan reise på same billett. Difor er dette positivt for Ørsta/Volda, meiner Brandvoll.

– Avhengig av næringslivet

Fungarande lufthamnsjef Terje Nergård seier seg samd i at dette vil vere positivt for flyplassen.

– Alle avtalar som kan betre forbindelsane norske og europeiske byer er bra for regionen vi bor i, seier han.

Han er spent på å sjå responsen frå det næringslivstunge kundegrunnlaget på Søre Sunnmøre.

– Det er for tidleg å seie kor mykje det vil bli benytta, og det vil bero på utviklinga i næringslivet. I hovudsak vil det truleg vere forretningsreisande som vil bruke tilbodet, sjølv om det naturleg nok også er ein moglegheit for private reiser, seier Nergård.