Dette sa Odd Harald Sundal (Sp) frå Volda, då fellesmøtet mellom formannskapa i Ørsta og Volda nærma seg slutten onsdag ettermiddag. Også tidlegare i sonderingsmøtet om ei felles bomvegløysing mellom Volda og Ørsta, hadde orda pine/nytte vore nytta – for å skildre bompengeinnkrevjing.

Ville ha seg fråbedd pine

Men då Sundal brukte pine i oppsummeringa si, rann det over for varaordførar Karen Høydal (Ap) i Ørsta: – Eg synest ordet pine i denne samanheng er heilt malplassert. Ein felles bomvegpakke burde heller spegle att optimisme og framtidstru, noko som er alt anna enn ei pine, sette Høydal medisinskapet på plass. Men medisinen for å få Volda og Ørsta til å samarbeide fullt ut om ein felles bomvegpakke er enno ikkje oppfunnen. I alle fall er miksturen korkje miksa eller utblanda til rett dosering.

Sprik og uferdig krangel

I løpet av halvannan times diskusjon var det vanskeleg å sjå at det kom til ei reell tilnærming. Sprika mellom kvar sine forventningar, og den før nemnde balansen mellom nytte og pine, kan sjå ut til å vere om lag like store som før møtet starta. Og dette sjølv om styrings- og strategisjef Kjetil Strand i Statens vegvesen hadde gjort grundig greie for sitt syn på kva som går an, og kva som kan vere strategisk lurt – ut ifrå gangen i pakkeløysingar som skal til godkjenning i Stortinget. Strand har vore med i arbeidsgrupper for å finne løysingar for E39 Voldatunnelen, og ein eventuell utvida pakke rundt denne. – Dersom Ørstafjordkryssinga skal med i ein pakke med Voldatunnelen, er det ikkje realistisk at det vert som ein del av E39, men heller som ein riks- eller fylkesveg. Då har vi fort ein ny og meir usikker situasjon kring finansieringa, sa Strand mellom anna.

Motbør – og forhandling

Han fekk kraftig motbør av Per Arne Sørheim (H) og Paul Kristian Hovden (KrF). – Staten bør sjølv kjenne sitt ansvar for vidareføring av stamvegtrafikken utanom Ørsta sentrum, hevda dei begge. Avslutningsvis sa ordførarane at håpet om vidare bomvegsamarbeid no ligg i ei forhandlingsnemnd på tre personar, som Volda for sin part alt har nemnt opp.

– Vi må berre prøve å få vedteke det same i Ørsta, og så håper eg at ei arbeidsdyktig fellesnemnd kan greie å ta oss vidare, sa Stein Aam.