Det kjem fram i ei pressemelding.

– Vi har eit ønske om å vere synlege og tilgjengelege for folk flest, seier prosjektleiar Astrid Eidsvik om kvifor prosjektkontoret flyttar.

– Det skal vere mogleg å komme inn til oss og stille spørsmål, når vi er til stade og tilgjengelege, seier ho.

Kontoret vil vere i området rett overfor kafeen i den austre delen, med vindauge mot Korsegata.

I dag held prosjektkontoret til i 3. etasje over biblioteket i lavblokka knytta til Ålesund rådhus.