Det skriv bedrifta i ei pressemelding. Vartdal Plastindustri AS produserer lette produkt innan emballasje og byggevarer i EPS (ekspanderbar polystyren).

Produkta sikrar mellom anna fersk fisk verda rundt og varme bustader i heile Norge.

Dei legg til at i konsernet eig Vartdal Plast 55 vogntog. Selskapet forklarer at dei investerer i Tesla Semi for å vere med i den rivande utviklinga som skjer på alternative energikjelder på transportsida.

– Vi skiftar årleg ut fleire køyretøy for å sikre at bilane våre held tritt med utviklinga innanfor miljø og utslepp. Når Tesla no har kome med eit heilelektrisk alternativ, trur vi dette er starten på ein ny æra innanfor miljøvenleg transport, seier dagleg leiar Jan Endre Vartdal.