Hannah Mangum slår ut med hendene og smiler stort under hetta. Ektemannen John-Michael Rouhana nikkar bekreftande, like smilande. Omgitt av kvit mjuk snø og høge norske grantre ser det ut som paret på bryllaupsreise fekk akkurat det, der dei går på rad og rekke bak Erlend Ringstad frå Valldal Naturopplevingar. Snøen er djup, men med truger går turen fint også for turistar utan ski på beina.

Det var litt uvant i starten, men no er teknikken i gruppa upåklageleg. Med litt breiføtt gonge, som cowboyar, og stavane som god støtte går to amerikanarar, to tyskarar, to guidar og ein journalist jamt og trutt oppover.

– Hadde eg stått på ski no, hadde fokuset mitt vore på det. No kan eg gå på tur, og nyte utsikta, seier John-Michael.

Bryllaupsreise: John-Michael Rouhana og Hannah Mangum frå Florida gifta seg for ein månad siden. Dei er godt nøgde med bryllaupsreisa så langt i Norge.

Nordlys og snø

Det var nordlyset som lokka dei til Norge og til Nord-Norge som første stopp. At Sunnmøre blei med skuldast at ein kjenning har vore her før og anbefalte det.

– Fjordane er så vakre! Då vi reiste frå Nord-Norge ville vi vere lengre der, men no vil vi ikkje forlate dette, seier John-Michael.

Sjølv om dei er her utanom den typiske turistsesongen, har dei ikkje hatt problem med å finne nok å gjere.

– Vi begynte planlegginga i september, så vi har laga program for dei fleste dagane. Og så er vi jo på bryllaupsreise, så vi bryr oss ikkje om vi må vere litt på hotellrommet heller.

Frå sommar til heilårsdrift

Dette er første vinteren med full drift hos Valldal Naturopplevingar, som tidlegare berre hadde hatt aktivitet på sommaren.

– Vi begynte å prøve oss fram i fjor, men dette er første året der vi er klare med produkt og turar frå starten av, seier Erlend Ringstad, dagleg leiar – og guide. Han seier at dei har ein del førespurnader utover vinteren og våren, og at det ser spennande ut.

– Det tek tid å bygge seg opp og gjere seg kjend, for det er ikkje så mange turistar som kjem til Valldal av seg sjølv. Vi må ha meir for å kunne leve av det, og det er jo det som er målet, slår han fast.

Nasjonalt har både reiselivet og andre aktørar sagt det same. Innovasjon Norge har, saman med reiselivet, sagt at dei ønskjer ei vintersatsing.

– Vårt mål er at fleire skal velje Norge som ferieland – heile året. Det krev at vi marknadsfører ei større breidde både når det gjeld årstider, destinasjonar og aktivitetar, sa reiselivsdirektør Bente Bratland Holm i haust.

– Det er kjekt at Innovasjon Norge seier dei vil satse på vinter, haust og vår, seier Ringstad.

– Det må vere trykk på heile året, slik at turisme er noko ein kan leve av. Om ein berre skal drive med det på si, så blir det mykje lågare profesjonalitet, seier han.

Stille: Langt unna er bilar, trafikk og støy. Stundom, når gruppa stansar opp og står heilt stille, kan vi høyre snøen falle.

Ny trend

Det er to typar turistar som kjem til Sunnmøre om vinteren, fortel Tom Anker Skrede, reiselivssjef i Destinasjon Ålesund Sunnmøre. Den klassiske er skituristen. Så har du turistane – som dei fire på trugetur – som ønskjer å oppleve vinteren og fjordlandskapet, men ikkje går på ski.

– Her må ein tenke litt annleis, meir ein smak av, seier Skrede.

– For ein kinesar kan kanskje ti meter på langrennsski vere nok. Eller å ta gondolen opp i Roalden for å nyte eit godt måltid eller gå vidare på truger til ein topp, seier han.

Medan det er mykje nordmenn og svenskar blant skituristane, kjem den andre gruppa frå mange ulike stader. At fleire i USA og Asia reiser meir vinterstid, er noko ein no prøver å utnytte betre, seier reiselivssjefen.

– Norge og Sunnmøre er stort sett kjent som ein sommardestinasjon. No ser vi på korleis vi kan klare å bryte det mønsteret.

Så langt ser det ut som om pilane på Sunnmøre peikar oppover for både skituristar og andre turistar. Nasjonalt er også prognosane for vinterturismen i 2018 gode, ifølgje Innovasjon Norge. Ein optimisme som Oscar Almgren, dagleg leiar i Uteguiden på Stranda, kan skrive under på.

– Vi klarer nesten ikkje å halde tritt med veksten! I sesongen 2016 hadde vi tre faste guidar gjennom vinteren, no har vi sju. Og omsetningsmessig har januar 2018 vore den beste månaden nokon sinne, seier Almgren, som kan vise til 300 besøkande så langt i år på korte og lange turar.

På to månader i 2018 er omsetninga nesten oppe i ein tredjedel av det dei hadde i heile fjor, fortel han. Selskapet organiserer både korte og lange toppturar og ulike kurs, men ser også ei auke i interessa for blant anna trugeturar og lettare aktivitetar.

Gøy: Ein må ikkje ha ski på beina for å ha det gøy på veg ned att! André Stroh i full fart ned bakken. Det endar med eit mjukt fall i den djupe snøen.

– Vi ser ei mykje større breidde. No er det fleire som er heilt nybegynnarar på ski, seier han.

– Kva lokkar folk hit?

– Det er jo naturen, så klart.

Men det skuldast nok også mange gode kampanjar og godt arbeid av destinasjonsselskapet. Det er jo ikkje på slump at folk plutseleg kjem hit, seier han.

Samstundes meiner Almgren ein kan gjere meir for å legge til rette for vinterturisme.

– Det går ikkje an å få masse turistar hit om alt er stengt utanom sommaren, noko mykje er i dag. Om du kjem til Ålesund i dag og vil gjere ein fysisk aktivitet for eksempel, er det lite tilbod, seier han.

Bortimot fullbooka frå februar

Eksotisk: Trollstigen er stengd, men det hindrar ikkje turistane frå å ta turen til Juvet landskapshotell. Mange synst det er eksotisk med snø og vinter, fortel Knut Slinning. Foto: Nils Harald Ånstad

Tilbake i Valldal, medan hotellgjestane er ute på trugetur og andre aktivitetar, måker hotellsjef Knut Slinning snø på Juvet landskapshotell. Juvet opna dørene 15. februar. Og sjølv om dagane er korte og temperaturen viser minusgrader, er dei eksklusive hotellromma ute i naturen bortimot fullbooka heile året.

– Vi har jo få rom, og ser at vi klarer å trekke folk også i skuldersesongen. Vi har eit par ledige dagar i mars og to–tre dagar i april, elles er det fullt, seier han.

Turistane kjem frå heile verda og dei mest eksotiske stadar. Hit kjem alle typar turistar.

– Vi får forbausande stort besøk av utlendingar som ikkje er det vi kallar for skifolk, seier han.

Slinning peiker på at ein mange stader i verda har ein heilt anna kalender og mål for å reise.

– Det er mange som synst at sol og varme er plagsamt, og at dette med vinter er ein eksotisk sak. Moglegheitene er her. Men ein må ha ein plan. Det held ikkje å busse folk inn i hopetal, og forvente å få i både pose og sekk. Ein må ha eit opplegg rundt, seier han.

Folk som er over snittet opptekne av kultur, natur og arkitektur. Dette meiner han er veldig potensielle gjestar for Norge.

Såg hotellet på film

På veg opp Mefjellet på trugar denne dagen, bur alle fire turistane på nettopp Juvet landskapshotell. For tyskarane sin del, var dette ein viktig del av Norges- ferien. Ei brennande interesse for kultur, design og film – blanda med interessa for tur (til fots) og friluftsliv, lokka dei først til Finse, der det er spelt inn scenar til fleire «Star Wars»-filmar er spelt inn. Og så til Valldal.

– Eg er ein stor fan av filmen «Ex Machina» og elskar design, så då fekk vi kombinert desse to, seier André Stroh.

Saman med kollegaen Matthias Bauer er han totalt ti dagar på Sunnmøre. I motsetnad til amerikanarane har dei lagt få planar.

– Vi vil slappe av. Å kome til Juvet, det var som om nokre slo på ein pauseknapp i livet. Vi sat der med store vindauge og såg ut, og alt var så stille, som om vi sat inni eit bilde, seier Matthias.

– Det er kanskje litt lite informasjon på nettet, for om du googlar området finn du lite utanom ski. Men på hotellet får vi god hjelp, seier han vidare.

Kanskje er det like greitt å ikkje planlegge alt, men sjå an vêret.

– Vi var jo litt skeptiske i dag, til all snøen og om vi måtte gå i morgon i staden. Men så gjekk det, smiler Matthias.

Så ser det jo også ut til å klarne litt, eller gjer det det? Vêrgudane er litt underfundige.

Idet vi forlèt skogen kjempar nokre modige solstrålar seg fram gjennom skydekket. For så i neste augneblink å tape kampen.

Oppe i høgda vert det litt brattare. Nysnøen har ikkje lagt seg enno, så nokre stader er det lett å miste grep og skli litt, får dei ferske trugegåarane erfare. Turfølget pustar litt tyngre no.

– Vil de ha lunsj no, eller gå i ti minutt til? Erlend snur seg og ser på gruppa, like smilande som alltid.

Vi går vidare, litt til. Gjennom snøkaven skimtar vi nokre små hytter, og så er vi der. Guidane tek fram kvar si spade, og tryllar fram ein solid benk i snøen medan turistane pustar ut. Og så:

– Wow!

Som om timinga er planlagt, tittar sola fram. Snart kan vi sjå heile vegen ned til gardane der turen starta. Den kalde, mørkeblå fargen til fjorden gjer seg til kjenne, det same gjer fjella bak.

Medan turistane et smørbrød, kanelknute, kakao og Kvikk Lunsj – fortel Erlend om funna etter dei aller første menneska som budde her, for ti tusen år sidan. Om livet på gardane. Og om Kong Olav si reise i området.

Dokumenterer: Matthias Bauer må dokumentere André Stroh, som er ute i den norske snøkaven.

Turen er målet

Så er det tid for å nå toppen. Eller? Medan det har klarna til ned mot fjorden, er det andre vegen berre kvitt og null sikt dei siste 300 høgdemeterane.

– Det er opp til dykk om de vil gå vidare. Eg trur ikkje vi vil sjå så mykje meir på toppen i dag enn vi ser her, seier Erlend, som har ein liten trøyst klar om det ikkje blir topptur: Ein liten tur innom eit hemmeleg utkikkspunkt på veg ned att.

Turistane vel det siste, og ser ikkje ut til å ta det særleg tungt at det ikkje vart tur heilt til toppen. I staden er dei godt nøgde med utsikta frå setra.

– Det er jo veldig fin utsikt her og, og vi er ganske høgt oppe, seier Hannah Mangum, og får støtte frå dei andre.

Dessutan kan dei spare topp-turen til neste gong. Kanskje har guiden sikra seg eit par framtidige gjestar:

– Vi må jo tilbake når vi har jubileum! Vi er hekta, seier ho.