(Fjordingen): Då politibetjent Vegard Dale forklarte seg om etterforskinga av minibankinnbrota i Sogn og Fjordane tingrett tysdag, kom han på slutten av forklaringa og inn på moglege internasjonale koplingar i saka.

– Ved gjennomgang av ein av telefonane dei tre tiltalte rumenerane disponerte, vart det funne ein del internett-søk på minibankar. Eitt av søka handla om minibankar i Irland. Det vart og funne ein del bilete av diverse minibankar på telefonen. Vi er usikre på om dette er bilde tekne med mobiltelefonen, eller om dei er lasta ned. Ein del chatteloggar frå ein av telefonane viser og kommunikasjon samtidig som det vart utført minibankinnbrot fleire stader ute i Europa, forklarte Dale.

Alle dei tre tiltalte mennene har innrømt at dei var i Irland kort tid før dei reiste til Norge i februar i fjor. Men alle tre står fast på at formålet med reisa til Irland var å kjøpe gamle bilar som dei skulle ta med til Romania for vidaresal. Manglande forsikring og dokument skal i følgje den eine tiltalte ha ført til at politiet i Irland beslagla bilen ein av dei hadde kjøpt.

Berre to typar minibank

– Europol seier den framgangsmåten som er nytta ved minibankinnbrota i Norge er aktuell berre på to minibanktypar. Difor har politiet mistanke om at ein del køyring som er registrert i form av bompengepasseringar på Austlandet har vore forsøk på å leite fram aktuelle minibankar, sa Dale.

Som opplyste at politiet i fleire europeiske land har nytta Europol til å kome i kontakt med politiet i Stryn.

– Vi har gitt noko informasjon og vil gje meir, sa Dale.

I starten av forklaringa si fortalde han om minibankinnbrotet i Stryn.

Eg vart oppringd frå operasjonssentralen ca kl 03.00 natt til 23. februar i fjor, ca kl 03. Sju-åtte minutt seinare var eg på plass ved banken der eg møtte Rune Heggestad Ommedal som er tilsett i banken. Han viste oss minibanken der det var bora to 64 mm store hol i frontpanelet. Ut av det eine stakk det ein leiding med ein påkopling. Vi fekk difor straks mistanke om forsøk på å manipulere banken, forklarte Dale.

Politiet og Heggestad Ommedal arbeidde deretter raskt. Dei fekk kontakt med ein annan tilsett i banken som kunne vise fram overvakingsvideo, samtidig som politi i nabodistrikta samt brøytestasjonen på Strynefjellet vart varsla.

Gode overvakingsbilde gjorde at politiet kunne melde inn signalement på to personar til operasjonssentralen, som igjen distribuerte dette til nabopolitidistrikt.

– Kl 05.00 stoppa politiet ein kvit Suzuki Vitara med tre personar i på Lom. To av dei stemte overeins med bilda våre. Dei sikta vart køyrde frå Lom til Stryn og vidare til Førde for arrest.

Frå arresten i Førde fekk vi opplyst at dei fann 8.600 kroner på ein av dei sikta samt 175 euro på ein av dei andre, fortalde Dale.

Medan dei tiltalte har forklart at minibankinnbrota var mislukka, viser bankane sine elektroniske loggar at det mangla 7.000 kroner frå minibanken i Stryn og 5.900 kroner samt 140 euro frå minibanken i Porsgrunn. Frå minibankane i Fredrikstad, Ski og på Skei skal det ikkje mangle pengar etter innbrotsforsøka.

Denne saka blei først publisert i Fjordingen.