Som følgje av et trafikkuhell blei fylkesveg 650 ved Ekre i Stordal kommune stengt, melder vegtrafikksentralen litt før klokka 15.30 tysdag. Nødetatane rykte ut til stedet.

Ifølgje operasjonsleiar Arild Reite ved Møre og Romsdal politidistrikt fekk politiet melding om hendinga klokka 15.05.

– Det var ein bil som kjørte inn i snøkanten, og blei liggende på siden og sperre vegen. Det blei ikkje utløst airbag og dei har brukt bilbelte, så det er ingen personskade.

Ifølgje vegtrafikksentralen er det no manuell dirigering på vegen.

– Det vil pågå inntil bilen har blitt henta, seier Reite.

Ifølge vegtrafikksentralen er det klokka 20.37 ikkje lenger manuell dirigering.