(Fjordingen:) Torsdag 1. mars opnar den 5.250 meter lange vegparsellen Ugla - Skarstein med den 1.185 meter lange Vangbergstunnelen på fv 60. Fylkesordførar Jenny Følling skal klippe snora.

Prosjektleiar i Statens vegvesen, Øystein Tytingvåg, opplyser at den offisielle opningsseremonien tek til med tale frå stryneordførar Sven Flo. Vidare blir det gitt informasjon om prosjektet frå regionvegsjef Helge Eidsnes.

– Det blir og kulturelt innslag med song av Jorun Erdal før det blir tale og snorklipping av fylkesordførar Jenny Følling, opplyser Tytingvåg.

Han legg til at parkeringshøva ved Vangbergstunnelen er avgrensa. Difor blir det sett opp buss til tunnelen frå Olden sentrum.

Takkar snøfattig vinter i fjor for tidlegare opning

Samarbeidet mellom hovudentreprenør Kruse Smith AS og underentreprenør Volda Maskin AS skal ha vore svært godt.

Anleggsstart på parsellen var 1. april 2016. I vegvesenet sin kontrakt med Kruse Smith AS, vart 1. juni 2018 sett som dato for ferdigstilling. No blir det altså opning tre månader tidlegare. Den snøfattige vinteren har vore viktig for framdrifta.

– Vinteren var ikkje god for skianlegga, men for veganlegga var den perfekt, sa dåverande prosjektleiar i Statens vegvesen, Erling Varlid i mai i fjor.

Brei og moderne tunnel

– Vangbergstunnelen vil tene fylket vårt i lang tid, og vegen vil ikkje lenger kunne omtalast som Norges dårlegaste veg, sa leiar i hovudutvalet for samferdsle i Sogn og Fjordane, Noralv Distad, då tunnelen hadde gjennomslag i desember 2016.

Gjennomslaget vart behørig markert.

– Dette er ein gledens dag. Eg gler meg til å køyre igjennom denne tunnelen, sa fylkesordførar Jenny Følling den gong.

Prislappen på heile parsellen er pr. i dag 355 millionar kroner. Tunnelen, som er utstyrt med både DAB- og naudnett, har ei vegbreidde på 9,5 meter.

– I tillegg til at prosjektet gir kjærkomne inntekter til Oldensamfunnet, gir tunnelen ein trafikktryggleik og framkomelegheit som har vore sakna i mange tiår, sa stryneordførar Sven Flo.

- Tunnelen gjer trafikken her utvilsomt tryggare, men blir det og tid å spare for bilistane med denne tunnelen?

- På dei mest trafikkerte tida om sommaren så kan ein spare så mykje som 30 til 45 minutt mellom Olden og Innvik. Er det fri ferdsel er det berre snakk om nokre sekund, opplyser Tytingsvåg.

Denne saka stod først på trykk hos Fjordingen.

Vegparsellen Ugla-Skarstein er 5.250 meter lang med Vangbergstunnelen sine 1.185 meter. Torsdag opnar den, snaue to år etter anleggstart. Foto: Roger Oldeide