Det er Seattle-baserte American Seafoods – grunnlagt av Kjell Inge Røkke og selt vidare i 1999 – som i januar bestilte to båtar frå Mare Safety AS.
Det er snakk om to suppleringsbåtar som skal brukas som fiskefartøy i Alaska-området.
– Dette er båtar som er skapt for tøffe miljø, og som vil passe American Seafoods godt, seier produktsjef Geir Ove Molvær i Mare Safety.
Håper det kan vere døropnar
Ifølgje Mare Safety sjølv har dei over lengre tid jobba for å skaffe seg kundar i USA.
No håper dei salet til American Seafoods kan vere ein døropnar inn i det amerikanske marknaden.
– Det er klart at denne nye avtalen vil fungere som ein døropnar, og ei erfaring som vi tek med oss i form av vidareutvikling av produkta våre mot amerikanske arbeidsmetodar. Eit viktig vektlodd er vår godt etablerte agent i Seattle som opererer i eit ganske relevant område for kva slags miljø våre båtar er bygd og konstruert for, seier Geir Ove Molvær.