Hittil har buet registrert krav på 9,2 millionar kroner etter konkursen i Vigra Eiendomsalg AS. Av dette er DNBs krav 8,2 millionar kroner, kjem det fram i ein førebels rapport frå bustyrar Jahn Waage Aurdal.

Selskapet, som vart stifta i 2006, skulle selje bustader, men ifølge bustyrar har selskapet stort sett gått med underskot sidan oppstarten. I 2013 var aksjekapitalen tapt.

Selskapet melde sjølv oppbod og vart slått konkurs 2. januar.

DNB har pant i eigedomane, men buet har førsterett på verdiar i selskapet, gjennom såkalla legalpant.

Gjennomgang av diverse rekneskapsmateriell og vurdering av eventuelle straffbare forhold er blant oppgåvene som hittil ikkje er fullført.

Bustyret har også blitt kontakta av ein kreditor som har stilt spørsmål ved om DNB sin pant er gyldig.  Her er kreditorane gitt høve til å sikre vidare bubehandling, men i så fall må dei stille midlar til disposisjon.