(Fjordingen:) Den andre tiltalte i minibanksaka, ein 32 år gammal mann frå Romania, hevda i retten tysdag at han mista pengane sine kort tid etter at dei kom til Oslo.

- Då vart situasjonen forandra. Eg trur eg veksla om lag 1.000 euro. Pengane tilhøyrde meg og kameraten min.

- Kva er bakgrunnen for at de gjorde minibankinnbrota?

- Eg var plutseleg i framand land utan pengar. Kva skulle eg gjere? Slå ei dame på gata i hovudet og rane ho?

På spørsmål frå aktor, politiadvokat Inger Beth Fosse om kva han kunne fortelje rundt minibankinnbrota, var det sært lite.

- Var det då du plutseleg var i eit framand land utan pengar at de bestemte dykk for minibankinnbrota, spurte aktor.

- Ja. Og eg beklager så mykje, eg er skuldig og tek ansvar.

- Kva skjedde under angrepa mot minibankane?

- Eg og kameraten min gjekk bort til minibanken, der prøvde vi å rive vekk plata framme. Etterpå fekk vi auge på leidningar som vi prøvde å rive vekk. Kvar gong gjekk skjermen på minibanken i svart, så då reiste vi derifrå, sa tiltalte.

- Korleis visste du korleis du skulle handtere dette?

- Eg hadde sett videosnuttar på YouTube og visste at e skulle rive vekk plastdel framme og lage hol. Men eg visste ikkje heilt kvar desse hola skulle vere.

- Kvifor skulle det vere hol?

- Fordi det skulle rivast vekk nokre leidningar for å kortslutte minibanken.

- Fekk de ut pengar nokon gong?

- Kvar gong eg prøvde å øydeleggje leidningane gjekk minibanken i svart og eg fekk ikkje ut noko. Då reiste eg.

- Kor lang tid brukte de på angrepa?

- Nokre få minutt.

- Er det noko du ønskjer å leggje til om dei ulike angrepa, som eg ikkje har spurt om, avslutta aktor?

- Nei, eigentleg ikkje. Eg er veldig lei meg for det eg har gjort og tek på meg ansvar for det.

Denne saka blei først publisert hos Fjordingen.