Vegen mellom Olden og Innvik fekk den tvilsame æra av å bli kåra til «Norges verste veg» og det har opp gjennom åra vore ein hard kamp å få løyvingar til å ruste opp vegen - som første gong var opna i 1936.

– Eg med mange andre tykkjer dette har teke lang tid, men i dag er vi i mål og kan feire. Med dette set vi det endelege punktumet for at denne strekninga på fylkesveg 60 er utbetra. Vi kan ta i bruk den nye, flotte vegen, og plaketten med den tvilsame prisen «Noregs verste veg» kan i dag takast ned, sa fylkesordførar Jenny Følling då ho opna vegen.

240 skuleelevar deltok

Mange trassa kuldegradene og møtte fram for å få med seg opninga, blant anna deltok 240 skuleungar på seremonien 1. mars 2018, ifølgje ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune

Vegen har vore utbetra i etappar, men torsdagens vegopning var ei markering av den siste parsellen Ugla–Skarstein, og av at heile strekninga frå Lasen til Skarstein no er ferdig.

Skrikande behov for opprusting

Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane har ansvar for over 2600 kilometer med fylkesveg, noko som utgjer nesten 80 prosent av det totale vegnettet i fylket. Strekninga som er rusta opp mellom Olden og Innvik, er om lag fem kilometer lang.

Fylkesordføraren vedgår at mange fleire stadar i fylket har skrikande behov for opprusting og nyinvesteringar.

– Difor er det ekstra stas med slike dagar som i dag her i Stryn. Vi kan krysse ut denne parsellen på lista, opne den nye, fine vegen og sjå dette flotte resultatet. Det er ein solskinsdag, understreka Følling ifølgje pressemeldinga.