– Det var nokså tilfeldig at eg hamna her. Huseigaren i Volda var innom kafeen eg driv i Utvik. Han spurte om eg visste om nokon som kunne tenke seg å starte opp att overnattingsstaden i bygarden han eig i Volda.
Hermansen fann raskt ut at det kunne han sjølv tenkje seg å gjere.
Oppgradering
Og etter ei tid med oppgradering av lokala i Storgata er han klar til å ta imot dei første gjestane. Dei kjem allereie i helga.
– Eg skal framleis drive Kafé Sjøatunet i Utvik. Difor har eg fått hjelp av systera mi, Dorete Petersen, til å drive denne overnattingsstaden.
– Dessutan skal vi leige inn folk, seier 62-åringen, opphavleg frå Skagen på Jylland, men dei siste to åra med Utvik i Nordfjord som heimeadresse.
– Vi kan tilby i alt fem dobbeltrom, tre familierom, to firesengsrom og fire enkeltrom. Desse deler på fire toalett, forklarer Hermansen.
Nye møblar
Den litt enklare standarden enn det vanlege hotell kan tilby gjer også at prisane er lågare.
– Men vi legg vekt på at alt skal vere reint og ryddig. Så eg har investert ein del i nytt inventar og ein god del nye møblar.
Og systera Dorete har brukt vaskekluten flittig. Volda Hostel B & B er allereie inne på booking.com, og bestillingane tikkar inn.
– I påska blir det mykje folk her. Og no fekk eg til dømes ei bestilling frå ein familie i Austerrike, som vil bu her i juli, fortel Claus Hermansen ivrig.
Han lokkar mellom anna med gratis parkering og gratis wifi – og frukost.
Heile året
Og overnattingsstaden i Volda blir open heile året.
– Det er stadig vekk gjestar på kafeen i Utvik som spør etter rimelege overnattingstilbod i området. Det kan dei no få i Volda sentrum, legg Claus Hermansen til.