Siste: Like før klokka 17.30 fekk Sunnmørsposten ei melding frå Vest politidistrikt, ved politioverbetjent Hans-Erik Thue, der det blir informert om at føraren av traktoren i ulykka på Oldevatnet, har omkome. Pårørande er varsla.

Tilstanden til mannen er kritisk, melde Haukeland sjukehus i ei pressemelding laurdag kveld.  I ei ny pressemelding søndag klokka 10.30 blir det meldt at tilstanden til mannen framleis er kritisk.

Mannen i 40-åra var i ein traktor som gjekk gjennom isen på Oldevatnet i Stryn kommune laurdag ettermiddag.

Berga på land

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane skal folk på staden ha fått traktorføraren i land. Dykkarar søkte i vatnet og konkluderte med at mannen var åleine i traktoren.

Lensmann Lasse Trosdahl seier til Fjordingen.no at ulukka skjedde ved Kvamme inst i Oldevatnet, litt før kl 14.30 laurdag ettermiddag.

– Det var ein privatperson som berga han på land, så han har gjort ein veldig god jobb, seier Trosdahl til avisa.

Kjenner ikkje årsaka

Det var vitne til hendinga, og Trosdahl skildrar det som ein desperat situasjon då ulukka var eit faktum.

Politiet kan enno ikkje seie kvifor traktoren var ute på isen.

– Dette må vi sjå nærare på i etterforskinga. Traktoren har ikkje vore langt utpå, berre eit par meter frå land, men om han har sklidd utpå eller kva som har skjedd, er vi ikkje sikre på, seier Trosdahl.

Han kan heller ikkje seie kor lenge mannen var i vatnet før han blei berga i land.

Starta gjenoppliving

Ulukka skjedde i austenden av Oldevatnet like før klokka 14.30 laurdag ettermiddag.

Naudetatane brukte av naturlege grunnar noko tid på å kome fram til ulukkesstaden.

– Det er langt å køyre. Dette skjedde heilt i inste enden av vatnet, og det var vanskelege køyreforhold. Den viktigaste innsatsen gjorde dei som kom først og starta gjenoppliving, seier Trosdahl. Kriseteamet i kommunen blei rutinemessig varsla etter hendinga.

Den skadde blei frakta med helikopter til Haukeland sjukehus i Bergen. Ifølgje pressemelding frå sjukehuset var mannen sin tilstand kritisk laurdag kveld, men søndag vart det stadfesta frå Vest politidistrikt at mannen omkom. Pårørande er varsla.

Åtvarer etter fleire ulukker

Hovedredningssentralen ber folk i Sør-Norge om å vere forsiktige når dei ferdast på isen etter at det har vore fleire ulukker siste dagane.

– Vi advarer for å prøve å forhindre at liv går tapt. I helga har vi hatt veldig mange ulykker der både folk og køyretøy har gått gjennom isen, seier redningsleiar Ben Wikøren ved Hovedredningssentralen Sør-Norge til NTB.

Han advarer folk mot å ferdast på isen, spesielt på Vestlandet og i kystnære strøk. Sjøisen og vatn der det kjem inn bekkar eller er utløp er spesielt utrygge.

– Folk har stolt på at det har vore kaldt ein kort periode og trur isen er sikker. Men folk må vere veldig forsiktige. Det har ikke vore kaldt nok til at isen er sikker, seier han til NTB.

Ein mann blei henta opp frå Oldevatnet etter at ein traktor gjekk gjennom isen laurdag. Dykkarar konstaterte at det ikkje var fleire i vatnet. Foto: Jogeir M. Agjeld