Politiet fekk melding om ulukka 14.40 laurdag ettermiddag. Meldinga gjekk ut på at ein mann hadde ramla og skada seg i området ovanfor Fivelstadhaugen i Norangsdalen i Stranda kommune.

– Der er ein sti som går mot Kvitegga eller Kvitelvsdalsvatnet. Her er det juv eller elveløp, og der har ein mann i eit turfølgje ramla ned og skada seg, seier operasjonsleiar John Kåre Flo i Møre og Romsdal politidistrikt.

Redningshelikopter var opptekne

Stranda Røde Kors og den alpine redningsgruppa i Ørsta blei sendt ut.

Ifølgje Flo var begge dei aktuelle redningshelikoptera opptekne i andre oppdrag. Dermed blei løysinga ambulansehelikopter.

Dei sende først ned ein redningsmann, og ved andre forsøk lykkast dei å hente den skadde mannen opp frå området.

Var i følgje med fem andre

Ifølgje Flo var mannen i eit følgje på seks personar. Meldar snakka svensk, men politiet har ikkje opplysningar ut over dette.

Det er heller ikkje kjent om følgjet var på veg til fjells eller om ulukka skjedde på tilbaketuren.

Ifølgje eit tips til Sunnmørsposten blei mannen henta ut ved fjellet Blæja i Norangsdalen.