Kommunikasjonssjef Anette Bonnevie Wollebæk i Rolls-Royce Marine stadfestar at det blir bonus til dei 1.600 i Marine-divisjonen i Rolls-Royce-konsernet.

– Når konsernet går bra, er det ein fordel for oss i marinedivisjonen også, men vi veit enno ikkje kor stor bonusen blir, seier Bonnevie Wollebæk.

Maks to veker løn

Bonusen vil også variere for dei ulike tilsette, men Bonnevie Wollebæk seier at bonusen for dei fleste maksimalt tilsvarer to veker lønn.

Marine-divisjonen har gjennomført fleire rundar med nedbemanning siste åra. Selskapet er også til sals.

– Det er litt spesielt at det blir betalt ut bonus i slike tider?

Betre på ettermarknad

Konsernet Rolls-Royce plc, som er notert på børsen i London, leverte eit underliggande resultat før skatt på 1.071 millionar pund. Dette er opp 25 prosent frå 2016, ifølgje meldinga som er sendt ut til dei tilsette.

Omsetninga i den globale marinedivisjonen blei i fjor redusert med ni prosent frå året før, og enda på 1.077 millionar pund. Det er omsetning av originalt utstyr som har gått ned, medan ettermarknadstenester rapporterer ein liten oppgang.

– Det underliggende resultatet for Marinedivisjonen i 2017 enda på 225 millionar pund, ned ni prosent frå året før, ifølgje Bonnevie Wollebæk.

Betyr lite ennå: Anette Bonnevie Wollebæk, kommunikasjonsdirektør i Rolls-Royce Marine. Arkivfoto: Staale Wattø Foto: Staale Wattø