Dette er tilrådinga frå fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik, etter at han har studert fleire aktuelle alternativ for den rustskadde og svekka Nerlandsøybrua på fv. 20 i Herøy kommune. Tilrådinga går til samferdsleutvalet i Møre og Romsdal fylke, som skal ha møte onsdag den 14. mars. Dersom politikarane følgjer opp Guttelvik si tilråding, kan det vere duka for ein viss brujubel mellom folket på den vakre og vidstrekte øya ut mot storhavet. Der Svinøya er næraste granne mot vest, og sagaøya Island nest næraste ...

Sjokkrapportar

Etter dei første sjokkrapportane om elendig teknisk tilstand på dei to om lag jamgamle betongbruene til Remøya og Nerlandsøya, vart det klart at Nerlandsøybrua måtte stå først i køen. Men den neste større rapporten, frå november 2017, var litt meir roande. Granskingane frå firmaet Dr.techn. Olav Olsen slo fast at brua førebels er trygg å bruke. Konsulentane la fram tre alternativ for brua: Ei levetid på fem år utan tiltak. Vidare ei levetid på ti år, med gjentekne vedlikehaldstiltak. Og til sist 40 års levetid, inkludert omfattande vedlikehaldstiltak og forsterkingar.

Punkterte på armeringsjarn

I mellomtida har Statens vegvesen arrangert lysregulert einvegskøyring over brua for å minske totalvekta mot brudekket. Vidare er dekket av same grunn høvla ned. Men høvla ned så mykje ned at deler av armeringa i dekket har kome til syne i løpet av vinteren. Dette førte mellom anna til at Lenilda Crus De Souza, på veg over brua til arbeid i januar i år, fekk punktering grunna opprivne jarnbitar i dekket. Mannen hennar, Frank Arild Hansen, sa til Sunnmørsposten at han krev strakstiltak på brua.

– Det held ikkje å berre lappe på ei bru i denne tilstand. Sjølv er eg berre glad for at det ikkje gjekk verre då kona mi punkterte, sa Hansen mellom anna.

Ser etter nye løysingar

No har Statens vegvesen gått gjennom dei tre alternativ til utbetring og tidsperspektiv. Her har det mellom anna vorte rekna mykje på kostnader ved dei ulike løysingane. I staden for lapping i perspektiv på fleire tiår, rår fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik til at det no framover vert sett på alternative og rimelegare løysingar for kryssing både til Nerlandsøya og til Remøya.