– No er det berre drygt tre veker til vi er i gang. 1. april startar ruta mellom Hellesylt og Geiranger. Det er ein månad tidlegare enn i fjor.

Det seier Rolf Sandvik, adm.dir. i ferjeselskapet The Fjords, som trafikkerer strekninga.

Ferjene skal trafikkere ruta på Geirangerfjorden fram til 1. november.

Sandvik ser ein klar tendens til at turistsesongen blir stadig utvida:

Då The Fjords tok over drifta av turistruta for tre år sidan uttalte dei at det var eit langsiktig mål å utvide til heilårsdrift på ruta.

Sidan er sesongen blitt utvida både på våren og hausten. Og Sandvik trur det blir meir.

– Eg ser ingen grunn til at vi ikkje skal få til heilårsdrift her. Det blir stadig fleire turistar som besøker Norge vinterstid.

Næringa jublar

Turistnæringa i Geiranger jublar over at ferjetilbodet stadig blir forbetra:

– Det vi treng, vi som vil bu og leve i bygda, er heilårsturisme, legg ho til.

I år som i fjor – og åra før der – er det ferjeveteranane «Veøy» og «Bolsøy» som skal trafikkere ruta. Rolf Sandvik i The Fjords seier dette er godt vedlikehaldne og oppgraderte skip.

Men dei er likevel bygde med gamal teknologi, og The Fjords har som mål å kunne kome med nye, meir miljøvennlege ferjer på Geirangerfjorden om ikkje altfor mange år.

Trafikktal

I fjor frakta «Veøy» og «Bolsøy» 224.992 passasjerar, ein vekst på 24.185 frå året før. Vidare vart det frakta 21.092 personbilar og bubilar, ein auke på 666. Ferjene tok også med seg 4.320 bussar, som er ein vekst 508 – og 1504 motorsyklar, 30 fleire enn året før.

Så langt ser det altså ut til å bli nok eit år med trafikkauke på fjorden.

– Bestillingane så langt viser ein formidabel auke for både bussar og personbilar, seier Rolf Sandvik.