Det meiner Pål Aarsæther, leiar i Møre og Romsdal lektorlag.

Fleire er uroa over mangel på kvalifiserte lærarar i åra som kjem. I neste veke set Høgskulen i Volda fokus på korleis ein kan rekruttere fleire til yrket. Aarsæther meiner hovudutfordringa er å få lærarutdanna folk tilbake til skuleverket. For det er ingen vits i å utdanne lærarar som berre forsvinn frå yrket i løpet av tre-fire år.

– Og då må det ein annan leiingskultur inn i skuleverket, meiner han.

Måling og dokumentasjon

Ifølgje lektorlaget sine undersøkingar er hovudårsaka til at lektorar forlèt læraryrket at dei ikkje får god nok tid og sjanse til å utføre samfunnsoppdraget sitt – nemleg undervisning.

– Møte og administrative oppgåver for å dokumentere kva vi gjer, altså målstyring, tek opp for mykje tid, slik at vi ikkje får gjort jobben slik vi meiner den bør gjerast, seier Aarsæther som ikkje likar at prinsipp frå styringskulturen New Public Management er kome inn i skulen – at alt skal målast og dokumenterast.

– Ein må basere leiing på tillit og gode relasjonar. Høgt utdanna folk greier å gjere jobben sin utan slik styring, seier Aarsæther og held fram:

– Viss du skal leie ei kunnskapsbedrift, kan du ikkje drive med målstyring. Det er ein kultur som baserer seg på kontroll og mistrivsel, ein styringsmodell som høyrer fortida til. I ei kunnskapsbedrift må ein basere leiingskulturen på tillit og gode relasjonar. Trass alt, det kostar å ha høgt kompetente folk i arbeid. Då må ein ha fokus på at dei skal gjere sitt aller beste, slik at arbeidsgivar får mest valuta for pengane.

Han meiner også at politikarane blandar seg for mykje inn.

– Finland har god skule. Der held politikarane fingrane unna. Lektorane styrer sjølv og brukar tida si til undervisning, seier Aarsæther og legg til:

– Slik det er no er det lærarane som har minst dei skulle ha sagt når det gjeld korleis norsk skule skal vere.

Aarsæther meiner ein har gode leiarar i skulen i dag, men at dei må få lov til å vere leiarar.

– Dei slit enormt med å gjennomføre det politikarane vil og har altfor mange administrative og byråkratiske oppgåver, slik at dei ikkje får utøve leiarskap slik dei ofte vil. Det må dei få lov til, for no er dei under hardt press. Viss det held fram slik, vil det bli kollaps og ingen vil vere skuleleiarar, fryktar han.

Glad for masterutdanning

Han meiner også at for mange aktivitetar, som til dømes møte, fell på sida av hovudoppdraget.

– Enkelte trur møte er arbeid, men det er det ikkje. Kvart møte kostar store summar, når du tenkjer på alle lønnsutgiftene. I 2018 finst det faktisk andre måtar å samarbeide på enn fysisk å sitte i same rom, seier han og trekkjer raskt parallell til eit anna yrke for å illustrere det han meiner:

– Kva vil du helst ha? Kirurgar som opererer pasientar eller kirurgar som sit i møte?

Sjølv er han ikkje i tvil om at kirurgane, og lektorane, blir betre av å utøve yrket – operere og undervise – i staden for å sitje i møte.

Lektorlaget har lenge jobba for å få mastergrad i lærarutdanninga. Aarsæther er glad for at det no er innført og at utdanningar på universiteta er blitt svært populære. Han reklamerer gjerne også for yrket:

– Det er fantastisk å jobbe med å undervise det som er Norges beste generasjon. Det er eit privilegium å vere lektor.

Men om ikkje noko skjer med leiingskulturen i norsk skule fryktar han at fleire av dei som kjem inn i skulen vil forsvinne til andre yrke etter kort tid.

– Vi må tak i målstyringa og få den under kontroll. Vi er ikkje mot evalueringar, men resultatet i skuleverket er trass alt elevane og kor bra dei gjer det, seier Pål Aarsæther. Arkivfoto Foto: presse foto