Det går fram av styrepapira for møtet fredag 16. mars. Rekneskapen i februar viser eit negativt avvik i forhold til budsjettet på 2,5 millionar kroner. Administrerande direktør skriv i styregrunnlaget at han er uroa for utviklinga ein ser i underliggande drift.

«Tala for februar viser at ein ikkje har lukkast å redusere tilsvarande føresetnadane i budsjettet. Det vil bli retta ekstra oppfølging og innsats for å understøtte dei avdelingane som har dei største avvika», heiter det i saksutgreiinga for styret.

Hard budsjettoppfølging

Administrerande direktør Espen Remme skal no ha faste månadlege møter med klinikkane for å følge opp at budsjetta blir haldne. Helseføretaket har større inntekter enn budsjettert i februar, men har gått på ein lønns- og pensjonssmell på 6,5 millionar kroner i høve budsjettet.

Etter positive tal i januar var det forsiktig optimisme å spore på siste styremøte i helseføretaket, men økonomien blei langt frå friskmeld. Og allereie i februar hamnar altså Helse Møre og Romsdal bak budsjettet med 2,5 millionar kroner.

Nytt styre

Fredag er første møtedag for det nye styret i Helse Møre og Romsdal. Eit heil nytt styre får økonomiske utfordringar i fanget, og det er knytt spenning til korleis styret vil følgje opp økonomien i helseføretaket. Trønderen Ingve Theodorsen (64) tek då over som styreleiar etter Stein Kinserdal. Sykkylven-rådmann May-Helen Molvær Grimstad tek over som nestleiar etter Petter Bjørdal, og også dei andre eigaroppnemnde styremedlemmane er nye.

Overtid og sjukefråvær

Bakgrunnstala viser at mykje av den økonomiske smellen kan tilskrivast for stor bruk av overtid. Samstundes var sjukefråveret på 9,4 prosent i februar, og har ikkje vore så høgt sidan februar 2016.

«Slike høge tal gir grunn til bekymring, og vil bli nærare analysert», heiter det i saksutgreiinga.

Vurderer nye prognosar

Administrerande direktør vurderer at det er stor risiko for at resultatprognosane for helseføretaket må korrigerast, om ikkje klarer å snu utviklinga i enkelte klinikkar. «Spesielt nivået i forbruk av lønn og variasjonar i aktivitet mellom ulike fagområde utgjer ein stor risiko for at ein ikkje vil nå budsjettert resultat», heiter det.