– Tilrådinga frå departementet er ein frist på to månader. Sykkylven kommune har utvida fristen frå fem til seks veker. Vi treng meir tid på å få fram alle konsekvensane.

Det seier Ole Elling Straumsheim, ein av foreldra som no kjempar ein innbiten kamp for å berge skulen i Straumgjerde.

– Dersom det blir fatta eit vedtak om nedlegging frå komande haust, vil det vere noko som ikkje er reverserbart. Difor står vi på for å behalde skulen, som har stor betydning for lokalsamfunnet vårt, seier han.