– Så mykje kjekke og hyggelege folk, både skodespelarane og filmteamet. Og slik som dei spelar, dei som har hovudrollene. Eg har blitt så imponert og har lært så mykje, seier Endre Synnes Hagerup (19), som spelar Nils, han med hooverboardet, den unge naboen til trenaren Helena og dottera hennar, Camilla.

– Eit fantastisk velsmurt maskineri. Noko slikt har eg aldri opplevd før. Det har vore ei drøymereise, seier Per Jan Vinje. Han har rolla som materialforvaltaren, banemeisteren og oppmannen Eddie, som frontar det ultrasunnmørske uttrykket «steikje bra».

«Høddhenta»

For ålesundarar og andre sunnmøringar er Per Jan Vinje eit kjent fjes, frå tallause jobbar som musikar og songar, konferansier og toastmaster, frå 126 førestillingar som Julenissen i Putti Plutti Plott, frå «Bør Børson» og Serveringsteateret.

Det var skodespelaren Thor-Ivar Forsland, som også spelar i serien, som tipsa castingansvarleg.

– Eg vart «Høddhenta», hehe, og bedt om å kome på filming. Ein kan jo ikkje berre sitje heime i sofaen, så eg tok utfordringa, og etter eit møte med litt improvisasjon saman med regissøren, fekk eg rolla. Då hadde eg framleis ikkje spurt kva for rolle det var.

– Eg hadde ikkje tenkt så mykje på det å kome på TV og kva eg eigentleg var med på, før eg kom til Oslo og møtte det utruleg profesjonelle maskineriet. For ikkje å snakke om då møtte Ane Dahl Torp og Carew til første leseprøva. Dei er kjempekjekke, men eg var forferdeleg nervøs, fortel Per Jan.

(saka held fram under)

Kroppsspråket

Endre gjekk siste året på dramalinja i Fagerlia då han blei bedt om å kome på audition.

– Vi var berre fire gutar i klassa, så konkurransen var ikkje så stor. Og med raudt hår og briller fell eg sjølvsagt innanfor den klassiske nerdekategorien. Men eg skrytte på meg litt meir fotballkunnskapar enn eg strengt tatt har. No har eg lest meg opp, men fotball er så kjedeleg! stønnar Endre. Å seie fram replikkar om fotball utan å vite kva ein snakkar om, nyttar ikkje. Då røper både stemma og kroppsspråket deg, presiserer han. Å vere fysisk godt trent er også særs viktig, skal ein få kroppen til å utføre det ein ønskjer å uttrykke i ei rolle.

På spørsmål om korleis han kom fram til det artige, litt rykkvise kroppsspråket til Nils, sperrer han opp auga.

– Det er ikkje noko eg har funne på, det er hooverboardet! Du brukar kroppen for å kontrollere det, ved å flytte tyngdepunktet. Du lener deg framover for å køyre framover og bakover for å rygge.

– Eg brukte litt tid på å øve på å bruke det, du har veldig kort tid på deg frå du byrjar å røre på deg til brettet er oppe i fart, smiler Endre.

Likar Eddie og Nils

Endre og Per Jan likar dei to karakterane sine.

– Eddie er ein praktisk, jovial, og hyggeleg mann. Han er jo den første som seier at han likar den nye kvinnelege trenaren, Helena, minner Per Jan om.

– Nils er lett å like, han er glad i folk rundt seg, litt naiv, han er leiken og ærleg og kan vere litt barnsleg, noko som gjer han litt utsett, seier Endre.

– Som ung skodespelar brukar ein jo seg sjølv for å bygge ei rolle, og det er mykje Endre i Nils.

Selfiar

Kjendisstatusen er ikkje plagsam, men nokre selfiar med fansen er det blitt.

– Og så blei det mange meldingar etter premieren på NRK, fortel Per Jan.

Der stod det berre: Steikje bra!