May-Helen Molvær Grimstad sit i skriftestolen til Sunnmørsposten. Ho er rådmann i Sykkylven, bur i Ålesund, kjem frå Sula – og er nyvald medlem i Helse Møre og Romsdal sitt styre.

Og det er med sjukehusøkonomien som med kommuneøkonomien: Det er ein evig kamp for å få endene til å møtest. Og å få møta til å ende.

– Det blir vel også nokre møte gjennom året i Vinmonopolet sitt styre?

– Hæ?

– Ifølge Stortinget si heimeside er du medlem i styret for Polet. Det har du vore sidan 2016.

– Har eg? Det har eg aldri høyrt noko om, eller sagt ja til. Eg har heller aldri blitt kalla inn til noko møte. Men dei har heller ikkje gått glipp av nokon vinkjennar.

– Nei, du er kanskje fråhaldskvinne?

– Ikkje av prinsipp. I enkelte situasjonar kan eg ta eit glas for å vere høfleg. Men eg synest ikkje det er noko godt. By meg heller på Pepsi Max eller Coca-Cola Zero.

PS. Merka du kor nøytral ho var her, ville ikkje velje mellom dei to cola-merka.

KrF-ordførar

Alkoholen flaut heller ikkje akkurat i oppveksten, med ein far som var KrF-ordførar.

– Du var forplikta til å bli med i Kristeleg Folkeparti, du?

– Nei, det var mitt eige val. Akkurat som med sonen min, Simon. Han bad meg om å melde han inn i KrFU. Men eg sa at det fekk han gjere sjølv.

Og det gjorde han, så no er det tre generasjonar KrF i familien, sjølv om May-Helen etter eige utsegn vart nøytral då ho for åtte år sidan gjekk ut av politikken, etter 16 år på Stortinget.

Så ho reknar seg ikkje som politikar i det nye styret for helseføretaket.

– Der representerer du Sunnmøre?

– Nei, eg representerer Møre og Romsdal – alle dei som treng helsetenester og alle 6400 som arbeider ved dei fire sjukehusa.

– Kva for forhold har du sjølv til sjukehuset?

– Det er vel som folk flest. Eg har født dei to barna mine der, og eg har fått medisinsk behandling når eg har trengt det. Som til dømes då eg vart innlagd ein 16. mai.

– Ja, denne fylla ...

– Nei, det var då eg var kommunalsjef i Giske. Høgt stoffskifte førte til at eg fekk struma. Så då feira eg 17. mai på sjukehuset, medan korpset spela utanfor.

Alle vedtaka i sjukehusstyret kjem nok ikkje til å bli feira med hornmusikk.

– Dei økonomiske utfordringane vil nok bli det mest krevjande for styret. Forventningane er større enn pengane vi har til rådvelde. Det vil alltid bli for lite pengar.

Alltid travelt

Ein må bestille time fleire dagar i førevegen for å få innpass hos May-Helen Molvær Grimstad.

Ho har det alltid travelt.

– Eg kjem nok aldri til å få eit særleg roleg liv. For eg trivst altfor godt med utfordringar. Men eg har også sagt nei til mange spørsmål om å ta på meg verv. Det skal seiast.

Ho veit likevel at ho må kople av – iallfall av og til.

– Eg er framleis ikkje flink nok til å legge vekk mobiltelefonen på kveldstid. Men eg prøver å la vere å lese e-post rett før eg legg meg. Og når eg er på ferie les eg ingen e-post.

Sydentur

Ferie for henne er mellom anna ein årleg vintertur til Kanariøyane, etter at budsjettet i Sykkylven er vedteke.

Og så hender det at ho unner seg eit spaopphald på Union i Geiranger.

– Eg brukar også å kople av med musikk. Eg likar å danse, og helst til musikk som kan løfte meg opp. Og då må det vere noko med trøkk i. Då vi var studentar i Volda gjekk Asle og eg på swingkurs. Det var kjekt.

– Då vart det vel mykje dansing på 50-årsdagen din nyleg? Hadde du ikkje leigd inn Blue Horn Jazzband?

– Jau, men det var så mykje folk der at det vart ikkje plass til å danse.

– Du som både heiter Molvær og kjem frå Sula, du burde då ha spela jazz sjølv?

– Nei, eg er ikkje frå den Molvær-slekta. Eg er ikkje særleg musikalsk. I barndommen vart eg køyrd til orgelundervisning i Spjelkavik ein dag i veka. Foreldra mine trudde eg skulle bli god til å spele på hammondorgel, eit slikt med rytmeboks, veit du. Men eg fekk aldri skikkeleg taket på det.

På småbruk

Ho vaks opp på eit småbruk på Legane i Langevåg. Faren Ivar H. var som sagt ordførar, og småbrukarar. Jobba først hos Devold, etter kvart vart han møbelstoffprodusent, og til slutt kommunegartnar. Mora Borghild var delvis hjelpepleiar på sjukeheimen, delvis heimeverande.

Skulejente: Ei spent May-Helen på veg til første skuledag i 1975. Foto: Privat

Her på Legane vaks May-Helen opp med tre eldre brør. På garden hadde dei dyr, og ho lærde kva ein skulle med desse dyra – og det var ikkje berre til å kose med.

– Vi hadde mellom anna kaninar. Og dei skulle vi ete. Eg hugsar eg fekk lære korleis eg skulle ta livet av dei. Når vi åt, diskuterte vi kven av kaninane det var. Slik er det å bu på gard, meiner ho.

Dei dyra ho og mannen har no er berre til kos: Hunden Chelsea og katten Boris.

Dei er i så stor grad ein del av huslyden at då familien Molvær-Grimstad for nokre år sidan skulle til fotograf i byen for å ta familiebilete, vart begge dyra med.

– Det vart med den eine gongen. For Chelsea sin del var det greitt, men for Boris var det verre. Han mislikte situasjonen sterkt, tissa i bilen og måtte haldast fast slik at han vart med på nokre av bileta.

– Chelsea og Boris er gode vener, det er ikkje det. Dei bur på same rom. Men dette med fotografering var ikkje like greitt.

Når ein leitar på internett på jakt etter fakta om May-Helen Molvær Grimstad, så finn ein ikkje berre at ho sit i Vinmonopol-styret.

Ho har også bakgrunn som leiar av Kringkastingsrådet – ei oppleving i seg sjølve.

I tillegg til at rådet skulle takle den jamne straumen av klagar på musikken, på dekninga av konflikten i Midt-Austen, på sexscener i beste sendetid og på banning, så vart det også styr då ein medarbeidar ved NRK Sørlandet hadde på seg eit synleg, men ganske lite kors-smykke i halsgropa.

Då kom først klagene frå dei som var rasande sinte på at NRK-tilsette brukte religiøse symbol. Så kom forsvararane av korset på banen. Og då var spetakkelet laust.

Leiaren av Kringkastingsrådet, ho frå Sula, meinte at medarbeidarane i NRK burde få gå med eit lite kors-smykke. Fleirtalet var ikkje einige.

Nokon av kors-tilhengarane meinte at det neste vart vel at Kristen Gislefoss måtte fjernast frå tv-skjermen, på grunn av fornamnet sitt.

– Det var ei interessant tid, seier ho i dag.

Tøffe Pippi

Sjølv var Pippi Langstrømpe ein favoritt då May-Helen sat framføre tv-skjermen som lita jente heime i Langevåg.

– Pippi var tøff, og ikkje redd for noko eller nokon. Pippi var sterk og klarte seg sjølv.

Blåruss: Allereie som russ i 1987 var May-Helen blitt ein ivrig KrF-tilhengar. Foto: Privat

Spanande syntest ho også det var, då stillinga som fylkesmann i Møre og Romsdal vart lyst ut. May-Helen søkte, men fekk ikkje jobben.

– Vart du skuffa?

– Tja, eg hadde no lyst på den jobben. Ikkje det at eg ikkje likar meg her, men det verka spanande.

Så ho trivst framleis i Sykkylven, der mannen forresten er salssjef hos Sandella.

Paret bur i Ålesund, lenge på Flisneset. Men rett før jul kjøpte dei seg nytt hus, eller eit brukt hus, ved Lillevannet i Spjelkavika.

– Vi ville ha betre utsikt, og mindre plass, ettersom sønene Simon (25) og Ivar (22) har flytta ut.

Simon har altså gått i mor og morfar sine fotspor. Ivar har teke til vett, og halde seg unna politikken – iallfall så langt. Han er meir interessert i fotball. Og hugsar du namnet på familiehunden, så forstår du resten.

Både då May-Helen var kommunalsjef i Giske, og då ho tok til som rådmann i Sykkylven, tok ho medarbeidarane sine med på stressmestringskurs.

Og det var ikkje fordi dei trengde det med henne som sjef:

– Eg ville at dei skulle få lære at stress ikkje er farleg i seg sjølv, men at ein kan bli sjuk av det. Nokre blir lett stressa, andre ikkje. Vi er ulike. Eg er oppteken av at folk skal trivast på jobb, og då må ein kunne handtere stress utan å bli sjuk.

– Og kva skal du sjølv trappe ned med, når du – om mange år – blir pensjonist?

– Då skal eg bli frivillig på ei sjømannskyrkje ein eller annan stad i sørlegare strok. Her skal eg steike vaflar og snakke med folk. Eg likar meg dårleg åleine. Slik er eg også når eg skal gå tur. Då går eg helst saman med nokon – i det minste i lag med hunden. Og turen treng ikkje vere spesielt krevjande.

– Ein gong var eg på fjellet Saksa. Etterpå var eg maroder i ei veke og måtte gå baklengs ned trappene her på rådhuset.

Simon, May-Helen, Asle og Ivar med katten Boris og hunden Chelsea. Foto: Privat