Loen Skylift i Loen i Stryn har fått seg eit ekstra og noko uventa løft mot himmelen: Pågang av folk som vil late seg løfte til topps – for så å ake ned att i det som vert kalla for landet sin lengste akebakke. Sju kilometer lang er bakken, eller meir presist: Anleggsvegen opp til toppen av Hoven.

Sjå video frå delar av aketuren

Og Hoven: Det er fjellkanten som har stilt seg disponibel for innfesting av toppunktet til ei av landets mest moderne – og i alle fall mest spektakulære gondolbaner i kongeriket. Og: Når du stig i land her, står du brått 1.011 meter over havet. Ein strak kilometer rett opp frå Nordfjorden. Du er altså på høgfjellet før du veit ordet av det.

Anleggsveg vart akebane

Og det er herifrå at det som alt er kalla Norges lengste akebakke vart oppdaga. I alle fall var det ikkje direkte med i planane, då den sju kilometer lange anleggsvegen frå gardsbruka på Oppheim og opp til Hoven vart bygd.

Anleggsvegen var heilt naudsynt for å få bygt ut gondolbanen, med sin ekstremt luftige restaurant med glasfasadar og resten av fasilitetane her oppe. Så viser det seg altså at vegen er eit framifrå objekt for aking av ulikt slag.

La ut film på sosiale media

Først ut til å skaffe profilering på aking var Vegard Rake Midtun, som er granne til anleggsvegen, nedanfor nedste enden. Han er ambulansesjåfør av yrke, men aktiv far på fritida. Familien er grunneigarar i felleseiget der anleggsvegen ligg, og Midtbø fann på nyåret i år ut at han ville teste ut anleggsvegen som akebane.

Ikkje berre det, han filma også det heile og la ut på sosiale media. Då tok det fyr i interessa for Hoven og den ekstremt lange og alternative akebakken.

Lukke på ein rattkjelke

Kona Mariann Rake Midttun var seinast sist søndag på plass i akebakken, med tre barn og med faren/bestefaren Audun.

– Når ein ser femåringen på fanget ditt på kjelken, så er ein lite i tvil om at dette er kjekt?

– Nei, dette har vorte skikkeleg moro, og noko vi alle veit å setje pris på. Å kunne renne ned frå toppen og nesten heim att, det gjev ei heilt spesiell kjensle av fart og fridom.

– Gondolheisen har gjort dette svært tilgjengeleg, også for oss som er heilt lokale og bur rett i nærleiken, fortel Rake Midtun. Faren Audun Rake kan på si side opplyse at han har kjøpt seg årskort til gondolbanen.

– Ja, eg tykte nesten eg måtte gjere det, når eg ser kor lettvint tilgjenge det gjev til alle slags aktivitetar her oppe.

– Vi som har gard har på denne måten fått svært så lettvint med tilgjenge heilt til topp. Vi kan ha tilsyn med alt heile året, seier han.

Erik Brendefur er seljar ved hovudeigar Hotel Alexandra i Loen, og dagleg leiar av aktivitetsselskapet Loen Active as. Han konstaterer med glede at drifta frå Hoven har teke seg kraftig opp. Ikkje minst er han nøgd med at vinteraktivitetane er aukande, noko akinga på kjelke har ein stor del av æra for.

Aking på eige ansvar

– Kven er det som syner interesse for kjelkekøyring då?

– Det ser ut til å vere nesten alle typar folk. Mange uttrykkjer at det å kunne renne på denne måten, er som å gå rett tilbake til barndommen.

– Og born er jo born til alle tider, dei fleste likar fartsfylte aktivitetar uansett, smiler Brendefur.

Han understrekar at sjølve akinga fysisk føregår utanfor Hoven sitt definerte verkeområde, og at det såleis skjer fullt og heilt på utøvaren sitt eige ansvar. Dette gjeld også sjølv om kjelken er leigd frå Hoven.

– Ja, for vår del kan ikkje dette vere annleis, og difor må også den som leiger skrive under på ei eigenerklæring om dette. Det er svært viktig at dei som renner ned anleggsvegen tek omsyn, oppmodar Brendefur.

Stadig fleire sunnmøringar

Med det aukande talet på kjelkar som vert leigt ut ved toppstasjonen på gondolbanen, fortel sitt tydelege språk om den stigande interessa frå folk.

– Og kvar kjem desse folka frå?

– Dei kjem nær sagt alle stader frå, det er nesten lettare å telje opp kvar folk ikkje kjem frå, seier Brendefur. Han nemner likevel at det er stadig fleire sunnmøringar å sjå – og høyre – i anlegget.

– Ja, det er det i alle fall ikkje tvil om. Dei les seg heim på dialekten om ikkje anna, smiler Brendefur.

Svimlande – på kanten av stupet

Toppstasjonen ved Loen Skylift er jo ein destinasjon i seg sjølv. Utsynet er mektig, for ikkje å seie svimlande her på kanten av eit fjellstup. Heile fronten er av enorme glasflater som hallar kraftig utover i toppen. Vi observerer eit barn som går rett fram og frimodig legg kroppstyngda mot glasruta – i eitt hundre prosent tillit til at glaset er tjukt nok og sterkt nok, og tilsynelatande utan eit snev av høgdeskrekk.

Andre og meir tilårskomne gjester tokkar seg sidelengs langsmed utsynssona – på minst halvannan meters avstand. Her treng ein gjerne nokre minuttar på å akklimatisere seg ...!

Både utsyn og innsyn

Bakover frå fronten ligg borda på rekkjer, stigande oppover i eit amfi. Her skal alle vere sikra utsyn same kva bord ein set seg ved. Og bakarst, der det heile flatar ut, ligg det store restaurantkjøkkenet, med ope innsyn frå restauranten. Her er det satsa på både utsyn og innsyn i same lokale. Til endes er utgang til ein grovt tremøblert utestad, alt så populær at han må utvidast før sommarsesongen.

– Ja, der ute vil folk verkeleg vere, så her må vi berre prøve og auke bruksflata så det blir god plass til endå fleire ute når det er finever, vurderer Erik Brendefur.

Glasinnramma preikestol

Går ein omvegen heilt opp på taket, finn ein sjølve rosina i pølsa: Den romslege takterrassen – som lik restauranten under har framhallande glasfront. Fremst på denne får ein omtrent kjensla av å stå i lause lufta over stupkanten. Dette må vere Sogn og Fjordane sitt røffe svar på Rogaland sin Preikestolen. Men på den steinstolen finst ikkje dei vernande glasveggane.

Lydlaust gjennom lufta

Så langt dei faktiske fasilitetar. Ein ny last kjem glidande stilt mote bakke. Gondolvogna glir nesten like lydlaust til kai, eller inn i betongbåsen sin på øvre stasjon. Vogna er sertifisert for 45 personar, men førti er som regel nok fortel heisføraren – som alltid er med om bord.

Femten friske folk frå Førde

Ut frå vogna myldrar eit mykje fargerikt følgje på femten personar frå Førde. Små som større, yngre som eldre, med og utan medbringa kjelke. Men med hjelmar og briller og vottar og skjerf og alt som elles skal til for ein frisk retur ned att mot nullpunktet ved fjorden. Vi får vite at reiseleiaren i følget er mor og bestemor Eli Mari Mølmesdal. Ho forklarer bakgrunnen for akereisa nordover i fylket:

Starta med blåtur med jobben

– Eg var her på blåtur med jobben min for ei veke sidan. Det var så kjekt at eg tenkte dette må resten av familien også få oppleve, fortel Mølmesdal.

Dermed inviterte ho det som kunne krype og gå av storfamilien sin. Og med felles nedtur på kjelke i lag med denne gjengen ser vi at det er vanskeleg å slå fast kven som fryda seg mest, yngst eller eldst. Det såg ut til å veksle på, og initiativtakaren sjølv, ho låg i alle fall ikkje att bakarst i løypa.

– Nei, dette er jo som å opne ei dør og gå rett inn att i barndommen! Då aka vi mykje. No til dags er det sjeldan at det er bra forhold å finne for kjelkerenning, konstaterer Eli Mari Mølmedal.

Nøgd med turen, nøgd med dagen, nøgd med flokken. Alle kom uskadde ned – på eige ansvar ...

Opp og stå – og litt å gå

Det må nesten nemnast at kjelkeløypa på sju kilometers lengde, og som er kalla landets lengste, ikkje har samanhengande fall til å renne heilt til endes i eitt strekk. I så fall måtte det vere ekstremt skarpt føre, eller tilsvarande godt olja kjelkemeidar.

Dette er likevel ikkje noko stort minus for opplevinga, det går fint å reise seg og spasere dei to aktuelle strekka. Resten går så dei fyk – etter kva du vågar å sleppe på.

Og om ikkje anna, så får du brynt deg når ein av fleire knappe svingar kjem fykande mot deg ... Kjelkeutleigaren har elles etablert to akebakkar i terrenget rett bak gondolbanen på Hoven, ein bratt og ein slakk. Her er det sjølvsagt snøsikkert ein god del lengre enn nedover langs anleggsvegen.

Fjellturar rett frå heisen

Det same kan trygt seiast om skiløypene som vert trakka i litt ulike trasear nokre kilometer bakover fjellet mot nord, og i retning Stryn. Hoven har flunkande ny trakkemaskin. Her er det utgangspunkt for fleire lett oppnåelege toppturar på ski. Eit atskilleg lengre mål er å gå heilt til Skålatårnet, som du også kan gjere herifrå.

Jan Heggheim og Anne Watne er to av svært mange frå bygda som har kjøpt seg heilårskort til anlegget.

– Det er fantastisk å når som helst kunne ta banen opp, vere i høgfjellet og så gå vidare akkurat dit du vil. Det har gitt turlivet ein heilt ny dimensjon, seier dei to.

Sjå også bildeserien over

Denne storfamilien frå Førde gjorde mykje av seg i langløypa ned frå Hoven sist søndag. På fleire typar kjelkar og med alle typar verneutstyr og påkledning er dei klare til å setje unna bakke. Foto: Knut Arne Aarset
I øvste delen gjev akeløypa luftig utsyn til Nordfjord – og god fart! Men gode brøytekantar sikrar kursen nedover ... Når turen ned anleggsvegen er fullført, er det like mange kilometer som løypa er lang å gå - eller køyre frå Oppheim og tilbake til Loen sentrum. Foto: Knut Arne Aarset