Rådet har som mål å samle alle kommunane i regionen. Med Stranda som nytt medlem i fjor, og dei tre nye i år, er det no berre fem kommunar som står utanfor. Samarbeidet med dei nye medlemskommunane har alt starta, slik at dei rekk å bli med i Stikk UT! i år.

Kvar kommune er representert i styret. Knut Erik Engh er nytt medlem frå Ulstein, Tollak Mikal Kaldheim frå Volda og Karen Høydal frå Ørsta.

Vebjørn Krogsæter, Haram er samrøystes attvalt som styreleiar. Janet Roelofs, Ørskog tok attval som nestleiar. Dei er også medlemmar i arbeidsutvalet, saman med Jarle Hauge Steffenssen frå Ålesund.