Klokka 16.20 melder Møre og Romsdal 110-sentral om bål ute av kontroll på Eikrem i Syvde i Vanylven. – Brannen har tatt seg opp. Full alarm Vanylven brannvesen. Ikkje kontroll, skriv 110-sentralen på Twitter.

Etter ein halv time melder 110-sentralen om kontroll på brannen. Vanylven Røde Kors hjelpekorps er på staden og hjelper til.

Bålforbod i fleire kommunar

I 15.30-tida melde politiet om brann i terrenget på Vartdal i Ørsta. Her fekk brannvesenet kontroll relativt raskt.

Brannvesenet rykka ut til Kleivaneset i Herøy etter at det er meldt om brann i terrenget, ifølgje ei melding ved 14.15-tida. Brannvesenet dynka lyngen med vatn før dei returnerte.

Knappe ti minutt seinare blei det meldt om ein ny brann i terrenget som var ute av kontroll på Vigra i Giske kommune, ifølgje Twitter-kontoen til 110-sentralen i Møre og Romsdal.

Også her rykka brannvesenet ut og kontroll over flammane. Bruk av bålpanne skal vere årsaka til at det starta å brenne her.

Bråtebrann i Sande

Også fleire stader har eld i terrenget kome ut av kontroll laurdag.

Mellom anna rykka politi og brannvesen ut etter at ein bråtebrann ved Haugsbygda i Sande kom ut av kontroll. Ved 13.45-tida var flammane sløkt, og Sande brannvesen dreiv ettersløkking på staden, ifølgje ei Twitter-melding frå 110-sentralen

Det skal ikkje ha vore fare for at brannen skulle spre seg til bygningar, opplyste politiet.

Bål og bråtebrann under kontroll

Kort tid tidlegere rykka brannvesenet ut i Hareid etter at eit bål ved Hjørungavåg kom ut av kontroll laurdag. Like etter klokka 13 blir det opplyst at brannvesenet hadde kontroll på staden.

Vatn frå to brannbilar blei nytta for å sløkke flammane, ifølgje ei Twitter-melding frå 110-sentralen.

Ein bråtebrann kom ut av kontroll ved Sandvika i Vanylven, meldte 110-sentralen ved 11.40-tida. Brannvesenet kom til staden og fekk kontroll. Dei ville dynke terrenget med vatn, ifølgje ei på Twitter.

Totalforbod i fleire kommunar

Berre kort tid føre meldinga frå Vanylven kom, opplyste 110-sentralen for Møre og Romsdal at det vil gå føre seg bråtebrenning på Rogneholmen i Haram og Raudøyholmen i Ørsta laurdag.

Tidleg laurdag oppmoda dei om at alle som ønskjer å brenne bål eller drive bråtebrenning, får dette godkjend med brannvesenet.

Men seinare på dagen kom det melding om at fleire kommunar innførte totalforbod mot ope eld.

Tidlegare i mars har det vore minst sju brannar i vegetasjonen som har kome ut av kontroll.

Brannmeistar åtvarar:  – Tørt i heile vegetasjonen langs kysten (for abonnentar)