For Romsdal aukar snøskredfaren til betydeleg – faregrad 3 – søndag.

For Sunnmøre er det meldt moderat snøskredfare – faregrad 2 – på søndag. Men for måndag gjer varselet på Varsom.no eit hopp til faregrad 4 – raudt varsel.

Stor skredfare

Dei vurderer snøskredfaren som stor, faregrad 4 med utropsteikn.

Det betyr at det kan gå store naturlege skred. Unngå alt skredterreng, er varselet for Sunnmøre måndag.

«Mykje nysnø og vind dannar fokksnøflak i leheng, og desse kan ligge på svake lag av kantkorn. Det kan gå store naturlege skred. Unngå alt skredterreng», heiter det i varselet.

Faregrad 4 er det høgste nivået varsom.no kan melde.

Også for tysdag er det venta stor snøskredfare.

– Ved stor utbreiing av det svake laget, kan snøskreda bli store og nå ned til veg og bustadhus, heiter det på Varsom.no.

Skredfarevurdering for Sunnmøre, måndag:

«Meir nysnø og framleis sterk vind gjer at fokksnøflak vil fortsette å bygge seg opp, hovudsakleg i sør- og austvendte heng. Sidan det er svake lag av kantkorn, både under dei nye fokksnøflaka og lenger ned i snødekket, vil det kunne gå naturlege skred som kan bli store. Det er usikkert kva eigenskapar kantkornlaget under fokksnøflaka vil få, men potensielt kan det bli god brotforplanting og fjernutløysing av skred vil vere mogleg. Dette gjeld særleg i områda der det er solskare med kantkorn under. Eldre fokksnøflak på kantkorn, som ligg i andre himmelretningar kan framleis påverkast, men det er størst sannsyn for å påverke ferske fokksnøflak. Skred vil bli størst i dei områda som samlar mest snø, og skredfara vil auke utover dagen.» - Kjelde: varsom.no