Ein rekkje gonger har brann i terrenget kome ut av kontroll på Sunnmøre dei siste dagene. Her i Hallebygda spreidde flammane seg fredag til ei løe og eit bustadhus fekk skader. Foto: Endre Vorren / Vestlandsnytt

Forbodet gjeld både i Ulstein, Hareid, Herøy og Sande ifølgje meldingar frå lokal brannsjef og 110-sentralen for Møre og Romsdal.

– På bakgrunn av den tørre vegetasjonen og alle gras- og lyngbrannane i dei siste dagane, vedtar brannsjefen i Hareid og Ulstein brannvesen eit generellt bålforbod. Forbodet gjeld både bål og bråtebrenning og gjeld over alt i begge kommunene, heiter det i en e-post frå brannsjef Olav Helt Brubakk i Hareid og Ulstein.

I Sande vil det også bli sendt ut varsel om totalforbod mot bål og bråtebrenning, opplyser 110-sentralen i ei Twitter-melding. Herøy Brann og redning har i ettermiddag lagt ut melding på Facebook.

Politiet: Lytt til brannvesenet

Etter tre branntilløp i går, oppfordra 110-sentralen folk til å ta kontakt dersom dei vurderte bråtebrann i dag. Likevel har det vore seks bråtebrannar ute av kontroll hittil i dag.

– Folk må lytte til dei råda som brannvesenet har gitt. Vi støttar brannvesenet 100 prosent i råda som dei har gitt, seier operasjonsleiar Kenneth Sætre hos politiet til Sunnmørsposten.

I kvart tilfelle dei er ute på, vil politiet vurdere om den som har starta bråtebrann har vore aktlaus.

– Det blir ei vurdering i ettertid å sjå på det. Dersom det er vist aktløyse, kan det kome ein rekasjon frå politiet, seier Sætre, før han understrekar at det viktigaste er at folk lyttar til dei råda som brannvesenet gir.