Det gamle instrumentet har skranta lenge og i år fyller kyrkja 150 år. Då hadde det kanskje passa med eit nytt flygel i jubileumsgåve?

Slik tenkte Lillemor Bruteig (89) frå Vatne, då ho og mannen Walter Kaufmann tok kontakt med soknerådet med eit tilbod av dei sjeldne.

Torsdag var det nye instrumentet på plass, til stor glede for både givarane og kyrkjelyden.

Gir noko tilbake

Flygelet er av typen Yamaha C-3X og kostar 300.000 kroner.

– Vi er tildelt så mange gode i livet. Då er det viktig å gi noko tilbake, seier Lillemor Bruteig til Sunnmørsposten.

Ho og ektemannen har budd mange år i USA og flytta for nokre år sidan heim til Vatne.

Der er dei ofte i kyrkja.

– Vi er veldig glade i den vakre kyrkja vår, som har betydd mykje for oss, seier Lillemor.

Ho er sjølv døypt og konfirmert der. Paret meiner at kyrkja har ein viktig plass i folk sine liv, både i glede og sorg.

– Det er i djup og audmjuk takksemd at vi gir denne gåva til bygda og kyrkja som vi er så knytte til, seier Bruteig.

Dei håper at flygelet blir til glede og inspirasjon for alle i kyrkja og bruken av den.

Paret har ingen barn, og har også tidlegare gitt gåver til gode formål. Walter har jobba som lege med eigen praksis og Lillemor har jobba saman med han.

Stor glede i bygda

– Vi vart veldig overraska og umåteleg glade over å få ei slik jubileumsgåve. Dette er den største gåva eg veit om at vi har fått i Vatne kyrkje, seier Edvard Orvik, leiar i Vatne sokneråd.

Han fortel om stor glede i bygda og elles i Haram over den kjærkomne opprustinga.

Givarane har sjølve ikkje ønska så mykje merksemd, så det er først i det siste det har vorte kjent at kyrkja får nytt flygel.

– Kva om kyrkja ikkje hadde fått denne gåva?

– Då hadde det ikkje blitt nytt flygel, men kanskje eit piano. Kyrkja har så mykje anna som det må brukast pengar på.

I september vert det storstilt feiring av Vatne kyrkje, mellom anna med jubileumsgudsteneste med biskopen til stades.

På sjølve årsdagen den 13. desember vert det fakkeltog til kyrkja og lysmesse der.

Til lyden av ekte givarglede og djup kjærleik til heimkyrkja.

Walter Kaufmann og Lillemor (Ingrid) Bruteig ved det nye flygelet, dagen då det kom på plass. Paret er veldig glade for å kunne gi noko tilbake til kyrkja og bygda. Foto: Edvard Orvik
– Vi er svært takksame for den store og rause gåva, seier Edvard Orvik i Vatne sokneråd. Vatne kyrkje fyller i år 150 år. Jubileet skal feirast til hausten – med nytt flygel i hus. Foto: Marius Simensen