- Første mannskap frå branndepot på Kvamsøya kom raskt på staden, og skal etter rapportane byrje å få kontroll, melder 110-sentralen klokka 13.15.

Litt over ein halv time seinare vart det meldt at brannen er sløkt.  Ei løe og ein traktor vart berga.

- Vi har mistanke om bråtebrenning som har kome ut av kontroll. Det er vinden som er utfordringa når det er så tørt som det er no, seier brannsjef Kjell Martin Vikene kort tid etter at brannen var sløkt.

Mannskap frå Larsnes og Sandsøy rykka ut til Kvamsøya. - Då vi var framme på skadestaden, hadde mannskapet på Kvamsøya fått kontroll, fortel Vikene. I overkant av 15 frå Sande brannvesen rykka ut, pluss ambulanse.

Etter veker med lite nedbør, er det venta fem-ti millimeter regn i området det næraste døgnet. I fleire dagar har brannvern og 110-sentralen åtvara mot at det er knusktørt i terrenget langs kysten. Sande er ei av fire kommunar som har totalforbod mot open eld.

- Forbodet gjeld inntil det blir oppheva. Sterk vind no skaper utfordringar, seier brannsjefen.

Laurdag rykka brannmannskap på Sunnmøre ut til sju brannar i terrenget. Dagen før var det tre slike tilfelle. Dei fleste av desse grasbrannane var i kommunane Sande, Herøy og Vanylven.