Det skal ha vore store materielle skader etter ein bil blei påkøyrd bakfra måndag ettermiddag. Ifølgje 110-sentralen for Møre og Romsdal skjedde ulukka på fylkesveg 61.

Det er ikkje meldt om personskade etter ulukka, men dei involverte vert undersøkt av helsepersonell, melder politiet.

– Ein mann i 40-åra fekk beslaglagt førerkortet sitt, opplyser operasjonsleiar Jan Helge Kjøl ved Møre og Romsdal politidistrikt. Det skal ikkje vere mistanke om promillekøyring eller for høg fart ifølgje Kjøl.

Trafikken går greit forbi ulukkesstaden, ifølgje ei Twitter-melding frå Møre og Romsdal politidistrikt ved 14.40-tida.

Slik såg bilen ut etter kollisjonen. Foto: Smp-tipser