Nye tal frå Snøskredvarslinga i Norge viser at skredhendingar er femdobla i år, samanlikna med året før.  Tormod Eldholm i Volda og Ørsta Røde Kors Skredgruppe meiner det i seg sjølv, ikkje gir grunn til uro.

– Det er langt fleire som går i fjellet og det har vore langt større fokus på å melde inn skred. Vi meiner det er grunnen til at tala blir høgare, seier han til Sunnmørsposten.

Ved utgangen av februar var 113 menneske vore involvert i 66 ulike skredhendingar. På same tid i fjor vinter var 21 menneske involvert i 13 skredhendingar, ifølgje ei melding lagt ut på Varsom.no tidlegare i mars.

So langt i vinter er det ingen som har mista livet i skredulukker, men den mest aktive delen av sesongen har ikkje teke til enno.

Eldholm meiner at erfaringane viser at sjølv om det no er langt fleire som går toppturar, så tek langt dei fleste fornuftige val.

(saka held fram under)

– No er det obs, obs

Men for dei som ønskjer å legge ut på tur i fjella på Nordvestlandet dei neste dagane, så er det verdt å merke seg skredfaren aukar til faregrad fire – stor – for Sunnmøre og Romsdal, ifølgje Varsom.no.

– Det er verdt å merke seg at auka er stor. Det går frå to til fire på kort tid. Så no er det obs, obs, både måndag og tysdag, seier Eldholm.

Samstundes trur han at med nedbør i vente og vind i fjellet, så vil utfarten vere mindre.

– Unngå alt skredterreng, heiter det i varselet for Sunnmøre i dag og Eldholm oppmodar om å lese heile tekstvarselet - ikkje berre merke seg faregraden.

– Teksten seier mykje meir enn berre talet om kva som er problemet nettopp no, påpeiker han.