To bilar har kollidert, melder politiet i Møre og Romsdal i ei Twitter-melding.

OPPDATERT: – Dei to som var i bilane er køyrde til legevakt. Vegen er opna for trafikk, melder Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter like etter klokka 17.00.

To personar skal vere involvert og ifølge politiet er det snakk om ein front mot front-kollisjon.

Trafikken står på staden, melder NRK Trafikk ved 15.50-tida.

Det er meldt om lange køar.

Ifølge NRK Møre og Romsdal er ein luftambulanse på staden.

Skadeomfanget til dei to involverte i ulykka var ukjent for politiet klokka 16.25.

Då vart det jobba med rydding av skadestaden, men vegen var framleis stengt.