Det melder Vegtrafikksentralen klokka 17.05. Vegen blei stengt like etter klokka 10.00 mandag morgon etter melding om snøras. Vegen heldt open til klokka 19.00. Då blir han stengt igjen og ei ny vurdering blir tatt tysdag morgon klokka 08.00.

Har du tips eller foto? Kontakt oss på 95400400@smp.no

Vegtrafikksentralen opplyste tidlegare i dag at dei ikkje visste kor stort raset var, men folk eller bilar skal ikkje ha vore involvert. Ifølgje vakthavande operatør fekk dei melding om snøraset klokka 10.20.

Vegtrafikksentralen melder også at fylkesveg 655 i Norangsdalen er stengt på grunn av vanskelege køyreforhold. Der blir det teke ei ny vurdering i morgon, om vegen kan opnast igjen.