Oppslaget i avisa tysdag var nettopp om den fritalande  statsråden frå Ørskog måtte gå eller om ho tok med seg heile regjeringa.

Overraskande

Etter Opsal si meining kom kunngjeringa frå Sylvi Listhaug likevel noko overraskande. Etter dei signala som kom frå KrF dagen før, og ikkje minst frå fylkeslaget i Møre og Romsdal, trudde han at ho kunne bli sitjande. Fylkeslaget meinte ein måtte godta orsakinga frå Listhaug.

– Men måten det skjedde på var ikkje overraskande. Listhaug presenterte nyhenda om avgangen først på Facebook, akkurat slik vi forventa at ho skulle gjere, smiler Opsal.

– Koreleis blir avgangen bli  motteke i Ørskog?

Skarpe frontar

– Frp har stor oppslutnad i Ørskog, men meiningane om Sylvi Listhaug er skarpe. Anten elskar ein ho, eller så hatar ein meiningane hennar, seier leiaren av lokalavisa, som sjølv meiner opposisjonen burde ha tatt orsakinga til Listhaug på alvor.

På Stopp69, den lokale bensinstasjonen er det stille i føremiddagstimane. Det er klokka ni om morgonen dei lokale synsarane samlar seg.

Mot innvandring

– Det er forferdeleg at Sylvi Listhaug må gå ut av regjeringa. Ho er absolutt ei som kan handtere innvandrarspørsmålet. Det er synd, forferdeleg synd,  at regjeringa mister ein så god politikar, meiner Gunnar Tenfjord, som tilfeldig er innom bensinstasjonen. Han meiner dette er det verste som kunne skje når det gjeld vidare handsaming av innvandrarspørsmålet.

– Vi treng ikkje fleire innvandrarar, seier Tenfjord, som hadde sett si lit til Sylvi Listhaug.

Gert Rietmann er av ei helt anna meining. Han meiner at løysinga var utmerkt.

Ikkje eigna

– Sylvi Listhaug var ikkje eigna til å vere statsråd, seier Rietmann som opphavleg kjem frå Nederland, men har budd i Ørskog i mange år. Han har også vore kommunestyrerepresentant for Senterpartiet.

– Eg er ikkje lenger politikar, men med omsyn til Listhaug meiner eg at ho har kome med uttalar som ikkje er ein statsråd verdig, seier Rietmann.

Gunnar Tenfjord meiner Sylvi Listhaug har vore ei god talskvinne for å halde innvandringa nede. Foto: staale wattø
Gert Rietmann meiner det var ei god løysing at Sylvi Listhaug trekker seg. Foto: staale wattø