Dette seier Kjell Tore Aarstad, på spørsmål frå Sunnmørsposten om kva han meiner om statsråd Sylvi Listhaug sin dramatiske avgang tysdag morgon.

Aarstad er på Coop Mega i privat ærend av å handle is og blomar, ingrediensar til ei aldri så lita feiring på Volda læringssenter. Der myldrar det av 120 personar frå 25 nasjonar, dei går grunnskule og har norskopplæring.

Aarstad presiserer at han ytrar seg som privatperson, og ikkje på vegne av Volda læringssenter. Han presiserer også at blomane i utgangspunktet var kjøpt inn til en kollega som skulle slutte.

Heksejakt og demokrati

– Skal de verkeleg feire Sylvi Listhaug sin avgang?

– Å feire er kanskje å ta litt hardt i. Men dei fleste som går her veit noko heilt  konkret og personleg om kva heksejakt på menneske er for noko, like mykje som dei veit fint  lite om kva ekte ytringsfridom og demokrati er for noko. I si tid som minister -  i to innvandringsrelaterte statsrådpostar - har Listhaug teke grep som verkeleg merkast negativt for våre elevar, fortel Aarstad.

– Dette går ikkje opp

Aarstad meiner at Sylvi Listhaug sjølv har vore ekstrem i sine uttalar, på same tid som ho hevdar seg utsett for nettopp heksejakt og mangel på demokrati.

– Og fyrer laus mot politkarkollegaer.  Dette går ikkje opp. Personleg meiner eg Listhaug har gjort ein dårleg jobb. Ho har i prinsippet vore vår øvste sjef. Ho får nok nye arenaer å boltre seg på, men eg er glad ho i det minste er ute frå ministerposten, seier Aarstad.

Redde for å bli sende

Aarstad fortel at elevane i løpet av føremiddagen har vore ekstra opptekne av det som har skjedd i toppen av norsk poltikk. - Dei er i alle fall ikkje redde for å bli stilt krav til. Men mange er redde for å bli sende heim, eller bli nekta familiegjenforeining. Mange av dei har alt merka at krava er stramma kraftig inn, seier Kjell Tore Aarstad.