Arvid Furseth er ikkje samd.

– Ytringane hennar vart mistydd og vrengt. Listhaug er ein fritalande og god politikar, seier han.

Høgt nivå

Debatten går høgt allereie før deltakarane på dagens kaffiprat på Frivillighetssentralen i Ørskog har fått sett seg.

Nokre kallar det «Underhuset» etter dei livlege utropa ein kjenner frå det britiske parlamentet.

– Støre og Arbeidarpartiet skaut seg sjølve i ræva då dei stilte mistillitsforslag mot Sylvi Listhaug. Det er opposisjonen som nører opp om det hatet som dei skuldar Listhaug for. Ho er blitt eit offer, seier Arvid Furset og hever stemma for å bli høyrd. Her er det mange som har noko å seie, og ingen er bundne av parlamentariske vendingar.

– Nei, Sylvi Listhaug er ikkje blitt noko offer, avbryt Bakken. Etter kvart blir det ein generell politisk debatt.

Keisam politikk

– Politikken hadde vore kjedeleg om vi ikkje hadde hatt politikarar som Sylvi Listhaug, blir det sagt.

Arvid Furseth meiner ho har gått ein god skule i Ørskog.

Trass kvasse ord i ulike retningar syner pensjonistane at dei set pris fellesskapen.

– Det er forferdeleg at Sylvi Listhaug må gå ut av regjeringa. Ho er absolutt ei som kan handtere innvandrarspørsmålet. Det er synd, forferdeleg synd, at regjeringa mister ein så god politikar. Ho har vore ein god politikar i innvandringsspørsmål. Vi treng ikkje flerie innvandrarar, seier Tenfjord, som hadde sett si lit til Sylvi Listhaug.

Gert Rietmann er av ei helt anna meining. Han meiner at avgangen var utmerkt.

– Sylvi Listhaug var ikkje eigna til å vere statsråd. Ho har kome med uttalar som ikkje er ein statsråd verdig, seier Rietmann som opphavleg kjem frå Nederland, men er Ørskoger så god som nokon.