(Møre-Nytt): Nei, det er ingen tidleg aprilsnarr det handlar om når Ole Jørgen Ose på vegner av ei stor slekt ønskjer å kvitte seg med eit hus.

– Nei, dette er fakta. Dersom nokon ser sitt syn med å kome og ta med seg dette huset så slepp dei å betale noko, forsikrar Ose.

Det aktuelle huset er eigd av tolv slektningar, og ligg eit steinkast frå Rema på Ose. Huset må fjernast fordi eit byggjefirma i Volda har kjøpt tomta i samband med at det på området skal kome ei større utbygging av bustader mellom Osgeila og europavegen.

– Vi kunne sjølvsagt ha rive huset og deponert det på VØR, men så tenkte vi at det ikkje kunne skade å setje inn ein annonse viss nokon vil ha huset til fritidsbustad eller hytte, fortel Ole Jørgen Ose.

Huset er frå 1870-talet, men det er godt vedlikehalde. Det er berre ti år sidan taket vart skifta.

God stand

– Huset er i god stand og er modernisert i gammal stil. Huset har m.a. to stover, fleire soverom og komplett kjøkken, fortel Ose.

Den siste som budde i huset var Borghild Ose. Siste femten åra har det ikkje vore fast busetnad i huset og det har vore nytta som fritidsbustad av familien.

Med nybygg er huset ti meter langt. Breidda er sju meter og grunnflata er 65 kvm.

– Eg er vel litt skeptisk til om det let seg gjere å ta med seg huset utan å plukke det frå kvarandre grunna trafikale utfordringar. Men sjølvsagt, handlar det om ei kort strekning kan det vel gå an. Viss ikkje kan kanskje ei løysing med lekter vurderast, seier Ose.

Annonsen i Møre-Nytt om huset som er gratis har likevel gjeve resultat: Fleire, både i nærmiljøet og utanfrå har teke kontakt med husseljar Ose. Også spesialist på gamle hus, Inge Kolås, har snusa på huset som er solid bygt i tømmer.

Denne saka vart først publisert av Møre-Nytt