– Det kjem samlarar som veit kva dei er på jakt etter. Og det kjem dei som berre vil sjå kva vi har i hyllene våre.

Det fortel Inger Liv Sporstøl, Brit Nilsen, Kari Muren og Astrid Sandvik, som er på jobb når vi kjem på besøk i NMS Gjenbruk i Myrvåg i Herøy.

NMS, som står for Det Norske Misjonsselskap, er ein stor aktør på gjenbruksmarknaden.

– Vi har 50 butikkar landet over, omsette i fjor for 52 millionar kroner – og fekk eit overskot på 20,2 millionar, fortel Ina Kjøstvedt, som er dagleg leiar av NMS Gjenbruk.

Til skulegang

Pengane går til NMS si verksemd i mange land – både misjonsarbeid, og bistand i form av til dømes skulegang og bygging av brønnar.

På Nordvestlandet har NMS Gjenbruk butikkar i Ålesund, Volda, Ulsteinvik, Nordfjordeid, Molde – og altså i Myrvåg.

I alt har NMS 2000 frivillige på arbeid i dei 50 butikkane.

Ein annan aktør i marknaden er NLM Gjenbruk. NLM er forkortinga for Norsk Luthersk Misjonssamband.

NLM har totalt 33 gjenbruksbutikkar, tre av dei ligg på Nordvestlandet: i Ålesund, Ørsta og Fræna.

– Våre 33 butikkar omsette i fjor for 64 millionar kroner, og vi sat igjen med eit overskot på 25,5 millionar, fortel Bjarte Rydland, som er dagleg leiar for NLM Gjenbruk.

Overskotet nyttar dei til bistands- og diakonalt arbeid over heile verda.

NLM har 1700 frivillige på jobb i sine butikkar.

Kaffikjele

Vi flyttar oss tilbake til NMS Gjenbruk i Myrvåg. Her kjem Kristine Røren innom. Ho er på jakt etter noko heilt spesielt:

– Eg skulle ha hatt meg ein kaffikjele. Då vi flytta, kvitta vi oss med mykje, også kjelen. Men no kom sonen vår heim frå Costa Rica, med kaffibønner i bagasjen. Så då treng vi ein kjele, seier ho.

Butikken i Myrvåg har to kjelar. Kristine Muren likar best koparkjelen – om han kan nyttast på ein induksjonstopp.

Sjølv om det skulle bli ein kjele mindre, så er det framleis fullt i lokala til gjenbruksbutikken. Men det er orden i sakene.

Damene fortel at dei ofte brukar tid på å reingjere varene før dei kjem ut i butikken. For dei er opptekne av at det skal sjå ryddig og reint ut.

– Alt er vel ikkje like lett å få seld?

– Nei, det går no litt i bølgjer. Ein del koppar og krus blir ståande att. Også ein del pynteglas, fortel damene.

Men dei har også varer som har sine kundar heile året:

– Kjøkenutstyr og møblar sel vi heile tida – men kanskje ikkje seksjonar. Og no når våren kjem blir det auke i salet av utemøblar og utepotter.

– Kvar kjem varene frå?

– Dei kjem både frå gamle og unge, akkurat som det er kundar i alle aldrar. Det er ein del som blir levert inn frå dødsbu. Dessutan er det dei som skal flytte og som ikkje vil ha med seg alt. Og det er dei som berre har rydda litt heime. Mange av dei som gjev oss gjenstandar synest det er flott at dette kan bli til nytte for nokon andre – og ikkje hamnar på fyllinga, seier damene.

Dei gjer altså ein frivillig innsats, utan betaling. Det står det respekt av, synest Ina Kjøstvedt i NMS:

– Dei gjer ein viktig jobb. Og så trur eg også at dei har noko igjen for det, både at dei får gjere noko meiningsfullt, og ved at dei har det sosialt saman, seier ho.

Damene i Myrvåg er einige i det. Det er triveleg på butikken, der dei tek seg ein kaffi saman og der dei får treffe mykje folk.

– Det er også spanande, når det kjem inn ei kasse som vi skal opne. Kva er det i denne? undrar vi då, seier Inger Liv Sporstøl.

Kristine Røren (til venstre) er på jakt etter ein kaffikjele. Her i samtale med butikkmedarbeidar Astrid Sandvik. Foto: Terje Engås
NYTT: Gjenbruksbutikken har også nye varer, som desse lysa som Randi Strand Steinsvik (til høgre) kjøper av Kari Muren. Men lysa er laga av restar av stearinlys. Så dette er også gjenbruk. Foto: Terje Engås