(Vikebladet Vestposten) – Etter det vi veit, har dette skjedd over ein lenger periode, seier lensmann i Ulstein og Hareid, Hans-Eirik Pettersen.

Det heile starta då ei kvinne melde frå til politiet at ho hadde oppdaga at nokon hadde teikna eit mobilabonnement i hennar namn. I tillegg hadde ho fått ein faktura i posten som ho ikkje forstod noko av.

– Vi har fått fleire meldingar etter kvart, og så har vi sett ein samanheng mellom dei ulike sakene. Det handlar til dømes om same framgangsmåte i dei ulike sakene, fortel Pettersen.

Ransaking og beslag

I etterforskinga kom politiet fram til mannen, som no er sikta.

– Ja, vi hadde så sterke opplysningar at vi kunne sikte vedkomande. Tingretten gav oss lov til å ransake heimen hans, seier lensmannen.

Under ransakinga gjorde politiet ei rekkje beslag, som igjen førte til at det vart oppdaga at endå fleire personar ser ut til å vere utsette for identitetstjuveri. Etterforskinga er ikkje ferdig, men politiet antydar at ein stad mellom fem og ti personar i Ulstein og Hareid ser ut til å ha vorte råka av ID-tjuveri.

– Det uroar oss at folk ikkje oppdagar sjølve at nokon bestiller varer på nett eller opprettar telefonabonnement i namna deira. Difor vil eg gjerne informere gjennom lokalavisa om dette, slik at folk kan vere litt obs, seier Hans-Eirik Pettersen.

Denne saka vart først publisert i Vikebladet Vestposten

Hans-Eirik Pettersen, lensmann i Ulstein og Hareid Foto: OLE-OTTAR K. HØGSTAVOLL, Vikebladet Vestposten