(VIKEBLADET): – Det er snakk om openbert unge, kampsportinteresserte menn som møtest ein stad for å gjere opp. Andre er til stade, filmar og ser på det som skjer. Det vi er veldig engstelege for, er at den type episodar skal føre til meir alvorleg skade enn vi har sett så langt, seier lensmann Hans-Eirik Pettersen.

Han viser til Ålesund, der det den siste tida har vore fleire alvorlege valdsepisodar og eit drap i narkotikamiljøet.

Vald mot hovudet

Vikebladet Vestposten har fått tilgang til ein video som er filma på Osnessanden nyleg. Videoen viser to unge menn som slåst ved nausta, like nedom parkeringsplassen. Rundt står eit tital andre unge menn som tilskodarar. Den eine vert lagt i bakken, den andre slår han i ansiktet, først med olbogen, så med knyttneven. «Bruk vekta di, for faen!», vert det ropt frå sidelinja. Så vert kampen avbroten.

Lensmannen har også sett videoen. Han stadfestar at den eine involverte har meldt saka til politiet.

– Slåstkampen var avtalt på førehand, det ser ut til å vere eit oppgjer. Det endar med nokre alvorlege skadar i ansiktet, men ingen større og omfattande skadar. Det er heilt tilfeldig kor store desse skadane blir, for det er så mykje vald mot hovudet at det kunne ha gått mykje verre enn det gjorde. Videoen viser veldig konkret kva som skjer og kven som er involvert, seier Pettersen.

Kva oppgjer er det snakk om?

– Det handlar om uoppgjorte situasjonar i eit narkotikamiljø. Vi har gode opplysningar om at det er kjøp og sal av narkotika som ligg til botn.

Ifølgje politiet vart slåstkampen arrangert ein fredag ettermiddag.

– Dette er eit friområde, her er mange naust, slike hendingar vil vi rett og slett ikkje ha i det offentlege rom, seier lensmannen.

Kampsportinteresse

Politiet veit førebels ikkje kor mange personar som er med i dette miljøet. Men det er snakk om unge menn pluss/minus tjue år. Nokre er elevar ved Ulstein vidaregåande skule, nokre har stor interesse for kamsport. Lensmannen har hatt møte med både skuleleiinga og leiinga i kampsportklubben på Hareidlandet.

– Det er viktig å få fram at det organiserte kampsportmiljøet på ingen måte er involvert i dette, men vi samarbeider veldig godt med leiinga der og leiinga ved UVS, seier lensmannen.

Politiet meiner at nokon i miljøet har rolla som leiar og tilretteleggar. Desse skal også vere sentrale i sal av narkotika.

Har de gjort beslag av narkotiske stoff så langt til etterforskinga?

– Nei, det har vi ikkje. Det typiske i slike miljø er at nokre sel, andre kjøper. Så kjem det kanskje trugslar om å avsløre folk i miljøet, då oppstår det både konflikt og spenningar. Dette vert då handtert i ein slags indre justis, seier Hans-Eirik Pettersen, og legg til at det no også er opp til ungdomane å ta ansvar.

I garderoben

I tillegg til episoden på Osnessanden, har politiet fått opplysningar om ein slåstkamp i eine garderoben på den vidaregåande skulen.

– Det skal ha handla om eit oppgjer der partane var meir jambyrdige og samde om å slåst. Ingen vart skadd. Denne saka er ikkje meldt til oss, og er isolert sett ikkje ei politisak. Men det er klart, det er dei same folka som går igjen og spørsmålet er om dette heng saman med det som skjedde på Osnessanden, seier lensmannen.

Vikebladet Vestposten har vore i kontakt med både leiinga ved UVS og Varg kampsport og fitness. Ingen av dei ønskjer å uttale seg, og viser til politiet.

Lensmann Hans-Eirik Pettersen meiner desse avtalte og arrangerte oppgjera gir grunn til uro.

– Ja, eg meiner det er urovekkande, sidan valdsepisodar genererer hemnaksjonar og nye hendingar med stadig fleire involverte.

Er du overraska?

– Nei, ikkje spesielt. Men det er litt nytt for oss at dette er avtalte hendingar, det er altså nokon som arrangerer valdsepisodar. Vi fryktar meir alvorlege skadar enn vi har sett til no. Valdsepisodar i det offentlege rom, særleg i område som har stor ferdsel, påverkar vår standard til den alminnelege ro og orden. Det er ikkje slik vi vil ha det, seier Pettersen.

Denne saka vart først publisert av Vikebladet Vestposten.