Prost Ingeborg Matre i Søre Sunnmøre prosti er ein av sju prostar som no kjenner det på både lekam og sjel: Nye arbeidstidsordningar for prestar etter overgangen frå statskyrkja gjer det svært krevjande å få kvardag og helg til å gå rundt. Og er det gale for presten, så er det endå verre for prosten, som skal organisere det heile.

– Ofte manglar vi vikarar som kan steppe inn. Då gjer kallet og pliktkjensla at eg som prost heller strekkjer meg i det aller lengste og tek spontant over, enn det å måtte avlyse ei planlagt gudsteneste, stadfestar Matre.

Fare for messefall

Å avlyse ei gudsteneste er omfatta av det klingande men dramatiske omgrepet messefall. Teaterverda har sitt fall, teppefall. Men då er framsyninga vel gjennomført, teppet går ned og alle pustar ut.

Biskop Ingeborg Midttømme i Møre bispedøme har sendt sitt varsku til det øvste organet Kyrkjerådet, der ho var i møte med sine elleve bispekollegaer onsdag denne veka. Utropet stod på saklista.

– Vi skal no prøve å omorganisere innanfor eigne rammer. Men framleis har vi faren for messefall, at vi må avlyse planlagde gudstenester fleire stader i fylket vårt. Det synest eg vil vere svært uheldig, seier Midttømme til Sunnmørsposten.

Ei markant forverring

Prost Ingeborg Matre i Volda starta i stillinga i 2012. Ho merka ei markant forverring etter at kyrkja sleppte taket i staten frå 2016.

– Arbeidstidsordningar er sjølvsagt på sin plass. I mitt tilfelle er eg pålagd å skjere ned frå 14 til 13 prestestillingar. Det kan vere dropen som gjer at begeret renn over, seier ho.

– Kva er største problemet?

– Her er ikkje høgd for heilt vanleg sjukefråvær i staben, noko som sjølvsagt er umogleg å unngå. Møre bispedøme har lågaste snittalder på prestar i heile landet, og då kjem også dette med familieomsyn og eigne sjuke born inn, ser Matre. Oppsamla fridagar er nesten uråd å ta ut. I situasjonen som har oppstått seier ho seg personleg glad for at hennar eigne born er i ferd med å verte vaksne. – Viss ikkje hadde det vore nesten umogleg med den arbeidssituasjonen eg no står i, innser Matre.

– Kva gjorde eg utan Sindre

– Og i tillegg vert du berga av å ha ein mann som både kan og vil steppe inn, sjølv om han ikkje er teolog?

– Ja, kva skulle eg ha gjort utan Sindre – han har eg gjort meg heilt avhengig av på alle tenkjelege måtar, ler Matre.

Ho viser til sjølv om han er telemontør og trubadur, mellom anna, så har han også lang fartstid med arbeid i sjømannskyrkja. Så eg vurderer han som fullt ut kvalifisert vikar.

– For ordens skuld så er det jo ein setteprost som er Sindre sin arbeidsgjevar i denne saka. Men her lokalt er det jo eg som veit kvar skoen trykkjer, kvar trongen er størst, medgjev prosten. At Sindre Løvik er vikar utan offentleg prestekrage vert elles ikkje rekna som noko minus i det heile, er tilbakemeldinga Sunnmørsposten får høyre ute frå felten. Løvik har nemleg sitt utspring frå eit særs blomstrande bandmiljø på vestsida av midt i Dalsfjorden.

Sjølv har han gjort seg kjend som ein mykje habil tolkar av Johnny Cash.

Med gitar og bibel i kvar si hand, har vikaren godt oppmøte på sine «gratiskonsertar» kring om..!

Men alvoret ligg altså tett bak.

– Dåp og gravferder må jo uansett prioriterast. Men held dette fram som no, kan eg vanskeleg sjå anna enn at vi får messefall, og eit redusert tilbod til sokna, slik biskopen fryktar.

– Personleg synest eg også det er eit stort tap å ikkje kunne prioritere meir tid til kontakt med folket i prostiet vårt, seier Ingeborg Matre.

Vakre Bjørke kyrkje er mellom dei mange utkantkyrkjene som risikerer å verte innvendig mørklagde sjølv om preikelista tilseier lys og varme. Foto: Knut Arne Aarset
Ingeborg Midttømme har arbeidsgjevaransvar for prostane i Møre og Romsdal. Ho fryktar no for helsa deira grunna auka arbeidspress. Foto: Knut Arne Aarset