(Fjordingen): Eldstemann fekk to og eit halvt års fengsel, dei to andre to år og tre månader.

Sogn og Fjordane tingrett avsa fredag dommen mot dei tre mennene i det som er den første og einaste såkalla «Black boxing»-saka i Norge. Mennene vart pågripne på Lom under to timar etter at dei hadde gjennomført innbrot mot Sparebanken Vest sin minibank i Stryn sentrum. Etterforskinga utført av Stryn og Hornindal lensmannskontor avdekka etter kvart fire tilsvarande innbrotsforsøk i Norge, der eitt til gav økonomisk utbyte.

Som del av etterforskinga var politiet i Stryn saman med datakunnig etterforskar frå Sogn og Fjordane politidistrikt i eit internasjonalt politimøte i Haag. Her vart erfaring utveksla, og under rettssaka i Førde kom det fram at påtalemakta meiner minst ein av dei tiltalte kan knytast til minibankinnbrot blant anna i Nederland, Irland og Frankrike. Innbrotet i Nederland gav eit utbyte på 95.000 euro, men der dei sikta vart pågripne med pengane på seg.

Retten kallar dei tre mennene for mobile vinningskriminelle der målet for turen til Norge utelukkande var å begå straffbare handlingar. Retten konstaterer og at saka som vart rulla opp i Stryn er den første i Norge, men at det i løpet av dei siste åra har vore i underkant av 30 anslag i europeiske land.

Godt organisert og planlagt

I dommen heiter det at dei tiltalte sine operasjonar har vore godt organisert og planlagt og at dei utvilsamt har opptredd som ei samla gruppe. Det er nytta avansert og sofistikert programvare med bistand frå og forgreiningar til utlandet for å gjennomføre manipulasjonen av minibankane.

Retten konstaterer at dei to yngste mennene begge innrømte forholda tidleg i etterforskinga, medan eldstemann først kom med sin tilståing første dag av rettssaka. Tilståinga frå dei to andre gir dei ein strafferabatt på tre månader, medan retten ikkje vil gje strafferabatt til eldstemann som og vert utpeika som hovudpersonen av dei tre.

I tillegg til å vere dømde til høvesvis to år og seks månaders fengsel for den eine og to år og tre månader for dei to andre, er dei tre dømde, i fellesskap å betale samla erstatningar på 342.000 kroner. Største enkeltsummen er i overkant av 239.000 kroner til Sparebanken Vest i Stryn.

Straffenivået retten har fastsett er så å seie likelydande med aktor sin påstand, medan forsvararane i sine prosedyrer meinte straffenivået burde vere mellom eit halvt og eitt år.

For alle tre kjem 393 dagar varetektsfengsel til frådrag i straffen.

Vil vurdere anke

– Eg registrerer at min klient får same straff som aktor sin påstand. Eg meiner det er for strengt. Det vil bli teke omsyn til når vi skal vurdere eventuell anke. Eg har ikkje ikkje drøfta dette med min klient enno, men ser ikkje vekk frå at dommen blir anka, seier advokat Ole Petter Grythe Hoff, forsvararen til den eldste av dei tiltalte .

– Dette er dessutan ein type sak som ikkje er blitt pådømt i Norge tidlegare. Difor kan det også reint prinsipielt vere av interesse å få saka prøvd av ein høgare domsstol, seier Ole Petter Grythe Hoff.

Denne saka vart først publisert av Fjordingen