Eg har undra meg over dette skiftet og meiner at denne dreiinga er kopla til framveksten av sterke pressgrupper sin rettigheitskamp og debattklimaet som har utvikla seg i takt med denne.

Det har frå tidleg på 80-talet vore ein sterk allianse mellom Forening for ufrivillig barnløyse (no kalla Ønskebarn) og behandlingsmiljøet i reproduksjonsfeltet. Etter kvart som rettigheitskampen for homofile, lesbiske og transpersonar har fått fotfeste, så har pressgruppa som varetar dei vaksne sine interesser på dette området, blitt sterkt utvida. Ettersom stadig nye grupper blir inkludert (no står einslege for tur) så er den rådande argumentasjonen blitt; like rettigheiter og likestilling for alle når det gjeld reproduksjon.

At menn og kvinner frå naturen av er gitt ulike roller i reproduksjonen, er det visst ingen grunn til å problematisere? Ved bruk av likestillingsargumentet, så er det ingen grenser for inkludering. Resultatet blir overvekt av dei som har interesse av gi vaksenperspektivet stor plass i debatten. Når det i tillegg er sterke lobbykrefter for den internasjonale reproduksjonsindustrien i billionklassa, som jobbar på mange frontar, så vert overmakta stor.

I forsøk på å foreine likestillingsargumentasjonen og barn sine behov, så har nokre viktige argument slått rot i debatten. Desse har fått gjennomslag langt inni den norske Kyrkja og i Bioteknologirådet. Nemleg; at det viktigaste for barnet er å vere ønska og elska. Dette trumfar både behovet for å kjenne sine genetiske foreldre, og så langt som råd, å få vekse opp med dei (ref. barnet sine menneskerettar). Det andre argumentet er; at i omsorgsrolla er foreldra sitt kjønn utan betydning for barnet sin psykososiale utvikling.

MEN; faktum er at vi ikkje veit nok om dette, og ingen kan hittil vise til forskingsresultat som grunnlag for slike påstandar.

Vaksne donorbarn som dei siste åra har stått fram med sine historier, har fortalt at saknet av den andre genetiske foreldreparten har skapt alvorlege emosjonelle vanskar og ein tung identitetsprosess. Dei fortel om tøffe kostnader med å stå fram og om kraftige sanksjonar i deira oppvekstmiljø. Historia til Millie Fontana er eit gripande eksempel på dette. Fordømminga og dei sanksjonane som donorbarna vert møtt med i LHBT-miljøet, vitnar om kor «farleg» denne informasjonen er for rettigheitskampen i høve reproduksjonspørsmålet.

I forhold til den norske offentlege debatten, er det interessant å lese journalist A. Gerhardsen sitt innlegg i Aftenposten 16. februar i år der ho skriv under tittelen «Minoritetenes makt»; «Den som vil beholde sitt gode navn og rykte, stiller ikke spørsmål ved minoritetens krav. Det gjør ikke pressen heller». Ho hevdar også; « … vår tids tabu i de progressive kretser, og der kryr det av journalister, er en problematiserende og kritisk holdning til minoritetens krav og virkeligheitsbeskrivelse.»

Gerhardsen viser til eit sjeldan unntak der T. Ulserød, som er homofil, i Aftenposten 13. februar hevdar at homoeliten, inkludert delar av den norske pressen, er intolerant og at meiningar utanfor eit smalt register blir møtt med sterke sanksjonar og hatefull respons.

Eg meiner at den skeive meiningsrepresentasjonen i debatten om eggdonasjon også handlar om debattklimaet og om vanskar med å kome til orde.

Gerhardsen tar utgangspunkt i systemteoretikeren Nassim Taleb sin påstand i essayet «The most intolerant wins»; at samfunnsvitere feilaktig går ut frå at fleirtalet i eit samfunn bestemmer. Ho refererer så til Klassekampen sin tidlegare omtale av essayet og deira slutning; at det ofte heller er minoritetar som får viljen sin, gjennom at eit lite mindretal av høglydte grupperingar får diktere norma i eit heilt samfunn.

Som deltakar i eggdonasjonsdebatten har eg opplevd eit debattklima med velkjente hersketeknikkar som tausheit og neglisjering. Det har, med nokre viktige unntak, vore utfordrande å få sleppe til i medium og har kravd tolmod og ståpå-vilje. Dersom andre har erfart det same, så forstår eg at det er lett å miste motet og trekke seg som aktør i debatten. Stemplinga av meiningsmotstandarane som gamaldagse, bakstreverske og til og med som befruktningsmoralistar og homofobe, gjer det heller ikkje enklare å stå fram.

Det er synd om angst for å bli stigmatisert og for «å risikere sitt gode namn og rykte», held folk borte frå å delta i denne viktige verdidebatten. Utfallet av denne vil prege samfunnet vårt på så mange område i tida framover.

Det handlar ikkje berre om å kjempe for å vareta barna sine rettigheiter, men også om kva haldningar vi signaliserer når det gjeld betydinga av slekt og kontinuiteten mellom generasjonane i ein kultur. Dette er særleg viktig i ei tid med rask utvikling og forandring på så mange område i samfunnet. Det å fasthalde viktige identitetsmarkører som slekt og kontinuiteten mellom generasjonane, vil vere viktig for å skape sterkare tilhøyrsle og oppleving av samanheng for barna som skal vekse opp.

Det er elles viktig å vere klar over den feilinformasjonen som er spreidd om folkemeininga i høve spørsmålet om eggdonasjon.

Det vert hevda at fleirtalet er positive til eggdonasjon, og det blir vist til Helsedirektoratet si spørjeundersøking om nordmenns haldningar til bioteknologi. Det som ikkje vert nemnt, er at undersøkinga er kritisert på grunn av store metodologiske svakheiter som bruk av ukompliserte hypotetiske spørsmål og lav svarprosent.

Marit Johanne Bruset Foto: pressefoto