– Den som vil ha hotellbygget, skal få det vederlagsfritt. Det er berre å ta det ned og sette det opp igjen der dei ønskjer, gjerne på Hellesylt, seier eigar Knut Flakk.

– Sjølv om det kan bli ein konkurrent?

– Ja, det er berre hyggeleg om nokon vil drive hotell i dette bygget. Det stod jo heller ikkje her opphavleg, men vart flytta over frå andre sida av elva. No kan den som vil få flytte det tilbake.

Flakk Gruppen i Ålesund vil byggje nytt hotell på Hellesylt. Dei har hyrt inn arkitektfirmaet Snøhetta, og lovar eit spektakulært bygg som vil bli lagt merke til både i inn- og utland.

Men ikkje alle likar ideen om at det nye hotellet skal stå der Grand Hotel står i dag, på Hellesyltneset.

Protesterer

I eit lesarbrev i Sunnmørsposten rett før påske skreiv Solveig Charlotte Fivelstad, utflytta sunnylving, at Grand bør bestå, – og at dette er det finaste av alle bygg på Hellesylt.

Ho skreiv vidare at Hellesylt kan miste ein viktig del av sitt unike særpreg om Grand forsvinn.

Flakk er ikkje overraska over at enkelte vil ta vare på Grand:

– Eg har stor forståing for dei som er forkjemparar for gamle bygg. Det er eg også sjølv, mellom anna i samband med eigarskapet av Union Hotel på Øye. Men det blir heilt feil å skulle samanlikne Grand og Union, seier Flakk.

– Grand Hotel er i dårleg forfatning, og det var heller ikkje i utgangspunktet noko stasbygg. Det er ikkje nokon arkitektonisk perle. Fronten mot vegen var kanskje det, men ikkje resten – og iallfall ikkje baksida, ned mot sjøen. Standarden er også svært enkel, og kan ikkje samanliknast med Union.

Sjølv synest Flakk at det flottaste med Grand Hotel er steinmuren. Og kanskje kan han nytte delar av denne i samband med nybygget.

Han seier at dei som ønsker å sjå nærare på kva stand hotellet er i, vil få invitasjon til ei omvising før sommaren.

– Var det aldri aktuelt å bruke Grand som ein del av eit nytt hotell?

– Vi såg på ein slik kombinasjon av nytt og gamalt, men fann ingen gode løysingar. Derfor vil vi rive og byggje nytt. Vi likar tanken på å begynne med blanke ark. Dessutan vil vi vende det nye hotellet mot sjøen.

Signalbygg

Så no går Flakk Gruppen for det dei sjølv kallar ei arkitektonisk perle.

– Det vi har bestilt er eit tøft signalbygg som kan vekke interesse og trekke folk til både Hellesylt og resten av regionen.

– Når kan du vise skisser?

– Det kan eg ikkje tidfeste enno. Det blir arbeidd med dette no. Om eit par månader reknar vi med å ha noko klart, seier Knut Flakk.

Namnet er iallfall klart. Det blir Basecamp Hotel Hellesylt, og hotellet skal byggast opp rundt natur- og aktivitetstilbod.

Med si unike plassering inst inne i Sunnylvsfjorden meiner Flakk Gruppen at Hellesylt er eit perfekt utgangspunkt for naturbaserte opplevingar. Og det vil bli lagt til rette for ei stor mengd ulike aktivitetar i området og i regionen rundt.

I første omgang får hotellet ca. 50 rom, med moglegheit for seinare utviding til 75 rom.

Prosjektet har ei investeringsramme på ca. 120 millionar kroner.

Dei som no arbeider med hotellplanane er søstrene Maria Lilly Flakk og Erika June Flakk – og faren Knut Flakk.

Står på liste

Ein som ikkje likar ideen om å rive hotellet er fylkeskonservator Jens Peter Ringstad:

– Grand vart i 2015 ført opp på ei liste over bygningar i Møre og Romsdal med regional verdi. Det skjedde i samband med at det vart laga ein plan for kulturminne, seier Ringstad. Planen er rådgivande for kommunane.

– Grand Hotel er ein viktig del av reiselivshistoria, og ein viktig del av miljøet på Hellesylt, meiner Ringstad.