– Dette er frykteleg trist. Stadionparken skal vere eit område til glede. Mange har lagt ned mykje arbeid her, og at nokon skal øydelegge på denne måten, det synest eg ikkje noko om, seier Runa Bakke i Friluftsforeninga Volda.

Det er dei som står bak Stadionparken, ein aktivitetspark der det er sett opp treningsapparat som folk kan bruke.

Oppdaga måndag

I løpet av siste dagane har nokon grisa til treningsapparat med lim. Det er også søla lim utover det raude dekket.

Linda Iren Breivik og dottera gjekk tur i området måndag og oppdaga hærverket. Breivik er ei av dei som har vore med på dugnad og synest det er trist det som har skjedd.

Ho og dottera prøvde å pirke vekk limen, men oppdaga raskt at dette ikkje var råd.

Blir politimeld

Hærverket blir no meld til politiet, men Bakke vil likevel gi dei ansvarlege sjansen til å rydde opp.

– Viss nokon har dårleg samvit, eller foreldre oppdagar rare flekkar på kleda til ungane, så må dei gi seg til kjenne. Då kan dei få vere med og gjere opp for seg, seier Bakke som også reknar med det blir forsikringssak av hærverket.

Det er overvakingskamera i stadionområdet, men tysdag hadde ein ikkje gått gjennom filmar derifrå for å sjå om kamera kan ha fanga opp noko.

Det er noko usikkert kva tid hærverket er utført, men Breivik har fått melding om at det i alle fall ikkje skal ha vore vore gjort tidleg langfredag kveld.

Foto: Linda Iren Breivik
Foto: Linda Iren Breivik