Dette fortel maskinsjef Anne-Mone Strandmann (48) frå Sæbø. Faren Jarle Strandmann jobba om bord i ferja på Hjørundfjorden i alle år. Og dottera stemnde beint imot kjønnstradisjonen og bestemte seg for å gå i faren sitt kjølvatn, alt frå ho var berre jentungen.

– Også eg bestemte meg svært tidleg for å gå same leia som pappa Øyvind Røren, fortel matros Angel Olav Røren (33) frå Barstadvik.

– Vi sykla ut på Festøya og fekk lov til å vere med pappa over fjorden med ferja. Det gjorde inntrykk og eg var aldri i tvil om yrkesvalet mitt, smiler Røren.

Ikkje veldig overraska

Onsdag kom meldinga om at det er konkurrenten Norled som frå 2020 har fått anbodet på å drive ruta deira Festøy – Solavågen, og i tillegg Volda – Folkestad i same tilbodspakke. Matros Angel Olav Røren er tillitsvald for Norsk Sjømannsforbund. Han seier seg ikkje ekstremt overraska over at hans eiga heimestrekning gjekk

til eit anna selskap.

– Nei, vi kjenner jo til anbodsprosessen og tidspunktet, og at det var fire tilbydarar. At det ikkje vart vårt eige reiarlag som fekk oppdraget er slikt ein berre må rekne med, analyserer matros Røren.

Vil sleppe å flytte

Han er likevel snar med å legge til at han gjerne hadde sett at han kunne vere med Fjord1 vidare på den oppturen selskapet no er inne i.

– Ja, resultata til Fjord1 har jo vore kjempegode i det siste. Det hadde vore veldig spennande å vere med dei på reisa og satsingsplanane vidare. Men slik er det ikkje sannsynleg at det går, seier Røren.

– Kva meiner du med det, seier du at du mønstrar av?

– Eg seier vel ikkje det offentleg her og no. Men eg kan seie at eg er svært glad i akkurat denne strekninga over Festøy-havet.

– Eg er med andre ord lite lysten på å flytte til eit anna samband. Eg håper difor at ei godt innarbeid ordning med overgangstilbod held seg oppe, seier matros Røren.

Overgangsvindauget

Det han seier høyrest ut farleg likt med fotballterminologi. Overgangssum? Overgangsvindauge? Men tillitsmannen i Sjømannsforbundet veit nok kva han snakkar om. I alle fall håper matroskollega Tone Blindheim (46) det, for til liks med Røren har ho hus og heim i Barstadvika. Og heller ikkje ho ønskjer overgang til eit nytt ferjesamband.

– Nei, her har eg vore sidan 2001, og her har eg verkeleg lyst til å kunne halde fram. Vi har eit fantastisk godt samarbeid på skiftet, og vi har eit like godt og innarbeidd forhold til kundane – alle passasjerane våre, smiler Blindheim.

– Alle passasjerar er ikkje alltid blide og imøtekomande, sjølv på denne strekninga?

– Det er jammen ikkje langt unna, det vil eg verkeleg seie. Her både får og gjev vi oppmuntrande kommentarar. Og når det gjeld pendlarskaren, så kjenner vi jo dei aller fleste både bilane og ansikta, seier Tone Blindheim.